lørdag 14. februar 2009

Oi, oi, oi så flott!!

Mamma har gjort noko lurt! Ho har teke seg ein tur inn til Oslo for å sjekke forholda i Nordmarka. Dei er nemleg formidable. Det er så ein går med tårer i augene, så vakkert er det. Vi sto opp slik at vi kom oss inn i dei nypreppa løypene tidleg. Det og var lurt! Til alle dei som IKKJE har vore ute å sjekka forholda i skiløypene: betre forhold enn dette får du ikkje!!!

500 meter att til Sørsetra

Tilfreds dame i vinterlandskap!

Varga, mamma og trikkeskinner!


Det er kaldt om natta noko ein kan sjå på snøen...

mandag 9. februar 2009

Skitur i fullmåne!

Har akkurat kome inn frå ein fantastisk skitur! Ved 19.00-tida reiste eg, Vidar og BT opp til Sollihøgda og susa innover mot Sørsetra. Suse var kanskje å ta i. Vi hadde på så mykje klede at det var praktisk tala umogleg å suse noko som helst i den habitten. Nå ja, innover bar det. Heilt til vi kom til ei lita glenne i skogen. Der skulle det fotograferast. MEN slik er vanskeleg når BT innser at batteriet på kameraet er tomt, og eg ikkje har evner nok til å få fram magien i ljoset frå månen. Legg ut nokre bilete likevel. Det er uansett ikkje siste gongen eg er på slik måneskinnstur!

Skihelg med lite fotografering


Når det er lite bilete etter ei skihelg, betyr det at føret har vore bra. Det var utruleg bra i helga. Eg fekk ikkje teke eit einaste bilete laurdag enda vi hadde Åsa og Erik på besøk. Det er ille! Sundagen var eg og Vidar på tur, men det einaste eg fekk teke var eit lite bilete av Vidar inne i skogen på tur ned frå Skurvefjell. Det var iskaldt! Sikkert ned mot 15-20 minusgrader og vind i tillegg, brrrr!Besøk av to blide jenter, Hilde og Ingrid!

søndag 1. februar 2009

Super skihelg i Hemsedal!

Iskaldt og strålade vær i Hemsedal i helga. Her er nokre bilete frå laurdag. Da var eg, Vidar, Tom, Bengt og BT ein liten tur på Nibbi.

Bjerkan tøyer ut etter ei SOLID økt på beina opp på Nibbi.
Slik er det med snowboardkjørarar, dei får ingenting gratis!

Tom gjev gass.....

..., men vart nok litt betenkt!

Han gjekk nemleg skikkeleg på snørra!
(til hans forsvar så var føret relativt vanskeleg)

Godt med kjeks?

Bengt!

Bengt i svingen, innbitt i maska og tunga ute, full konsentrasjon!

Supergodt med kjeks!

Vidar = Skifotogen