Viser innlegg med etiketten Tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tur. Vis alle innlegg

søndag 17. august 2014

lørdag 4. juni 2011

Amerikansk grilling.

Vi har kome i prat med mange forskjellige folk nede på Kanaha Beach medan vi windsurfar. Særleg har Idunn fått kontakt med mykje folk. Det er ganske lett slik som ho hoiar, og roper, klappar i hendene og vinker. Derfor vart ho invitert over til Kihei for å grille og bade i badabassenget hjå Barb og Wendell. Foreldra og BT måtte berre fylgje med på lasset. Det vart ein strålande aften for alle saman. Bading, solnedgang, god drikke og mat, dessert og ikkje minst mange trivelege folk. Idunn hadde kanskje sin beste dag så langt. Basseng er bra!!

Barb og Idunn, eg veit ikkje kven som koser seg mest.....
Pappakos i solnedgang.

Ralph Macchio.....

Enda meir pappakosing.

....og litt mammakos.

Klar for burger, cæsar salat, mais, øl og kokosis til dessert!

tirsdag 31. mai 2011

BT seglar!

Idunn er spent....kor er han?

Hald fast i hatten nå kjem det vind!

Nei, eg ser han ikkje. Får konsentrere meg litt om denne trepinnen i staden.

Her kjem han. Og for dei som ikkje kjenner til denne aktiviteten så er dette veldig bra av ein fersking som har vore på vatnet i 5 dagar!

Han ser blid ut, men er eigentleg skikkeleg ilter! Drittsport!

Ikkje heilt overbevist om at prestasjonane er bra.
Derfor legg eg til ein video for å verkeleg å vise kor bra det går.

lørdag 28. mai 2011

Ei oppdatering!

NÅ har det gått nokre dagar sidan sist eg la ut noko på bloggen. Det er rett og slett fordi det er så "innihampen" mykje vind at vi rekk ikkje anna enn å vera ute på vatnet. I går hadde vi pausedag og kjørte oss ein tur til Lahaina slik at BT kunne sjå den delen av øya. Her er i alle fall nokre bilete frå dei siste dagane...

Idunn i motvind i skibagen. Skibagen? Fungerer strålande for seil, bom og mast!

BT byrjer å få teken på rigging av seil. Her er han i gang med å rigge 4.0 sin.

Enkelte er betre enn andre. Jay, koreansk vindsurfeproff busett på Maui. Heimesida hans HER.

Paradegata i Lahaina. Det er her du kan hoppe på fiske-, dykke- og snorkleturar.

Litt av dagens fangst, tunfisk. Trur det må bli ein fisketur i løpet av opphaldet. Tenk å få ein sprelsk sverdfisk på kroken......

Pina Colada, det måtte berre testast og i fylgje dama på nabobordet, Lahainas beste.

lørdag 21. mai 2011

....og så kom vinden!

BT sin jomfrutur på 180 liter i går, det var ein kamp i vinden og straumen, men han imponerte!

Skulle gjerne sagt det var meg....jada, det ER meg. Jada!!!

Og dette her er frå i dag! Laksy på tur til himmels!

Vegen til enden av regnbogen.

Er dei på tur dit og?

Hookipa fekk litt vind og litt bølgjer i dag...

Vi har fått blått seil så det der ER meg!!! Jada!!!
Magiske Hookipa Beach!

fredag 15. april 2011

Snart klart for avreise!


Dette er nokre av bileta som kjem opp når ein søkjer på Maui på Google. Det ser ikkje så verst ut eller kva? For dei som ikkje har fått det med seg så reiser den vesle familien vår til Maui Hawaii om ikkje mange dagane. Her skal vi vera i 3 månader! Tenkt det, 3 månader med vindsurfing og slaraffenliv. Vi er så priviligerte og heldige som har moglegheit til å gjera dette!  I morgon startar den seriøse pakkinga. Til nå har det vore berre funderingar og listeskriving. Målet er å ha med seg minst mogleg. Vidar seier at han skal ha med seg berre 2 shortsar, ei t-skjorte og sandalar. Eg kjem attende til sanninga når vi har pakka....

Det blir ein lang flytur. Spesielt for Idunn. Flyreisa skal ta 25 timar med 2 mellomlandingar. 06.55 går flyet frå Oslo til Frankfurt og frå Frankfurt skal vi fly heilt til Los Angeles. 4 nye timar på fly ventar oss før vi er framme på Kahului airport på Maui ved 19.00 tida (lokal tid). Her ventar ein leiebil som vi skal kjøre til Haiku der vi har leigd ei hytte den fyrste veka. Haiku er ein liten by som ligg litt opp frå kysten. Eg skal beskrive den nærare når vi kjem dit, men eg har høyrt at den skal vera veldig hyggeleg. Det er i alle fall berre 200 meter til det største yogasenteret på Maui. Kanskje skal kroppen få strekt litt på seg og. Det trengs!

To be continued........

lørdag 2. april 2011

Tur til Kikut frå Sørkedalen.

Venter spent på lunsj!

Bevis på at vi var der. Bestemor er fotograf!

Mange fine bakkar....heimat.

Vi var på VM altså!

Herrestafetten, GULL!!!!

søndag 13. februar 2011

5-6. februar i Hemsedal.

Den fyrste toppturen på nesten 2 år.

Det vart ein stri tur med mykje vind.

Lang ekvipasje: Varga, mamma/besta og pulk med Idunn til slutt.

I storform før ny runde med omgangssjuke.

torsdag 20. januar 2011

Jul i Skjåk.

Da kom til Skjåk den 23. desember hadde onkel Jo pynta treet og det var god stemning.  

God bestemor i Skjåk har mykje ved. Kvikksølvet kraup ned til -32 grader.

Best å kose seg inne på golvet med onkel Jo når det er så kaldt ute!

Seriøs tøysing!

Endeleg julekvelden, og glitter og julekuler blinka freistande for ei lita jente som opplev dette for fyrste gong.

Pakkeopning, spanande!

Ida Charlotte, ein tremenning på 1.juledagsmiddag på Rust.

Estin, ein tremenning til!

HOI! Kom med litt mat da!

Idunn har testa blåbærsyltetøyet til besta.

Ein blir trøytt av denne julefeiring.
På tur over Valdresflya med Bitihorn i bakgrunnen, Hemsedal neste.

Agurk og onkelkos i sakkoen i Hemsedal, litt avislesing blir det og.

mandag 8. november 2010

Hausttur til Stavanger.

 Hausttur saman med Ingrid og Kari til Stavanger for å besøke Ingvill.

 Godvær.

 Sjekk! Kari har oppdaga eit eller anna.....

 Stavanger by imponerte, vakkert!

 Eg har også oppdaga noko....

 ....verdas finaste julebutikk!

 Kari har rappa Jakop fra Ingrid...

Kor er eg nå?

Kafejøgler!  
 Potte eller stol? Stol!
 Julie i gulepysjen.

Noah og Spiderman, spiderman.....

 Kos på golvet. Ingvill og Idunn fann definitivt tonen!

Vel heime tok eg og Idunn oss ein trilletur.
Stien var litt dårlegare enn eg hadde tenkt. 
Resultatet var at eg meir eller mindre bar vogna i 2 timar, 
god trening om ikkje anna......