søndag 16. august 2009

Det skjer ting i heimen....

....sjølv om vi helst vil drive med fritidsaktivitetar. Vi prøver å kombinere det så godt vi kan. Derfor sto vi opp kl 08.00 i dag tidleg og mala over strøk nummer 2 i stua. Som dykk kan sjå på eine biletet så blir den kvit. Veldig kvit. Det bør forandre seg når vi får inn møblar og slik. Vi kan ikkje bu i noko som minnar mest om ei sjukestuggu!
Ellers så byrjar det å ta litt form inne på kjøkkenet og. Benken i etehjørnet er kome på plass. MEN den er ikkje fastskruva enda sidan vi har stygge planar om å lage sjukestuggu av den delen her og. Denne benken er og ein liten miljøstasjon med lagring av papir, plast, glass osv. Den er faktisk litt genial! Benkeplata er olja og på plass komen saman med ei hylle i enden.

Matmor på plass midt i spotlighten!

Sjølvfiksa bord og benk! Nye stolar er bestilt...

Utsyn mot eteplass. Legg merke til reklameplakaten på veggen, kjøpt på loppis. Hjortehornet i trappa ned til sengeromma er det Tore J. Haugen si forteneste at heng der.

Sjukestuggu!! Det blir nok fint....

torsdag 13. august 2009

Orpierre, Alpes-des-Haute-Provence

I bilen på tur til Larkollen for å vindsurfe, rett før vi reiste til Hvide Sande, ringer Øyvind til oss og seier: Bli med til Orpierre da. Eg sit og bestiller billettar til Nice nå, kom igjen. Ok sa vi og slik vart det.....

I den sørlege delen av Alpane ligg Orpierre. Klimaet er relativt godt må eg si. Dei skryt av å ha berre 80 dagar med nedbør i løpet av året. Det pregar og på mange måtar landskapet der. Tørt og avsvidd så sant dei ikkje tyr til kunstig vatning. Og det gjer dei, for her er det storstilt fruktproduksjon. Det er eit av hovudområda for lavendeldyrking, men dessverre var alle åkrane i nærleiken alt hausta til min store frustrasjon og sorg. MEN det var ikkje dette som var hovudårsaka til at vi reiste hit. Heller ikkje det dårlege været i heimlandet. Her finn ein nemleg 4 km med klatreveggar og alt er bolta. I tillegg har dei fokusert på lettare ruter slik at det skal gå an å lære seg kunsten å lede. Ja, det er ikkje det at det ikkje er vanskeleg ruter her. Om ein vil så er det mellom anna ei 8c rute å bryne seg på. Fjellet er fast og fint og boltane sit tett, det er rett og slett perfekt. Nærare 600 klatreruter finn ein i dette området så ein har litt å velge mellom for å si det slik.

Vi budde i telt på ein av campingplassane i landsbyen. Kvar morgon sto vi opp og tusla bort til den lokale kjøpmannen og handla ferske baguettar, pølsesnabbar, skinke, franske ostar, rosèvin og ikkje minst pain au chocolate. Det var eigentleg berre ein ting som var skuffande på mat og drikkefronten, og det var kaffien. Den lagar vi MYKJE betre sjølv.

Frukost i teltet med alt som høyrer til av franske bakegodsaker!

På tur opp til eit av klatrefelta. Du kan sjå delar av det langt der framme.

Rådslaging om kvar det er mest skugge. Baguettane er med!

Vidar på C`est où qu`c`est dur ? 6c

Ivrig sikrar og tilskodar.

Gløymte å si at dei dyrker solsikker og.

Mengder av solsikker!

Greit å ha på seg skjorte som står i stil med huset.

På vandring i nabobyen Laragne Montèglin.

Vidar på Régime sans sel 6c

Kom igjen, du når den!!!

Øyvind på Régime sans sel 6c

Høytørking?

Vakkert tre, avsvidd gras og blå himmel!

I Orpierre, svært sjarmerande liten landsby.

Flotte gater, nesten som eit lite levande museum.

Skikkeleg fransk!

Føler nesten at ein har reist attende i tid.

Plutseleg var vi i Monaco.

Solnedgang over byen som har 3 typer menneskekategoriar. Millionærane, milliardærane og turistane. Vi er i den siste kategorien om nokon skulle vera i tvil.

mandag 10. august 2009

Neste stopp: Hvide Sande, Danmark.

Ja, kvar gjekk turen Vidar? Det var berre å sjekke Windguru. Vindmeldingane i Hvide Sande i Danmark var lovande og billett over Skagerak til Hirtshals vart bestilt i ein fei. Ein rask telefon til Erik og Heidi i Skien, og vips så var dei med på turen og. I baggasjen hadde dei med seg 15 mnd gamle Fredrik som vart mitt store favorittfotoobjekt i Danmark. For ein fantastisk sjarmør!!
Erik og Heidi var mine fallskjerminstruktørar i 2005, medan Vidar kjenner dei frå både jobb og studiar i Bø. Ja, og så fallskjermmiljøet da. Her er eit lite bilete frå den gongen. Sindre Frigstad har teke biletet!


Vind vart det. I alle fall eit par dagar. Det vart nok vind til at armar og rygg var meir enn mørbanka. Rett og slett sårt vart det. Ikkje nok med at vi fekk med oss Erik, Heidi og Fredrik på tur, men Hilde og Ingrid frå Hemsedal var og på ferie i Hvide Sande. På toppen av dette dukka det hyggelege paret Marit og Bjørnar samt dotter deira Lisa opp. Dei vart vi kjent med i bryllupet til Kathrine og Espen. Det vart med andre ord ein ganske så stor norsk vindsurfingskoloni etter kvart. Her er nokre bilete, og som sagt, det er eit par av Fredrik.

Mykje deilig sand!

Hæ?

What? Får eg ikkje lov?

Hilde og Ingrid!


Hoppetussa!!

Hei du! Hjelp meg oppi da!!

Kom igjen, bli med og hopp, enten du vil eller ikkje!

Sjukt irriterande å ikkje kome lenger opp i denne sklia!

Skeptisk Erik?

Like skeptisk Heidi?

Maks kos!

Vidar meinte han såg litt femi ut her, men eg tykte han var fin eg.

Vidar på utsida i bølgene. God bølgedag!

I am a lonesome....cowboy? Nei, barnevogntrillar var det.

Nesten sovna, men det bles så mykje sand inn i vogna mi!

søndag 9. august 2009

Sommarferie, jaaaaaa!

Endeleg vart det sommarferie. Planane for kva som skulle skje var få, men draumane store og mange. I hoi og hast, og sjølvsagt etter å ha studer YR grundig, så pakka vi bilen og køyrte mot vest. Målet var Molladalen og klatring. Midt på natta kom vi fram og bestemte oss for å sove i staden for å gå inn i dalen. Det var lurt. Når vi vakna låg skyene heilt ned på biltaket og regnet PLASKA ned. Etter ein fantastisk kaffe på Fugl Føniks i Ørsta (stopp her anbefales på det sterkaste!), endte vi opp i Stryn. Her var det mykje kjentfolk og vi havna i eit 2x40 års lag. Litt klatring og buldring vart det og, på Beachen og Melkevollen.

Fyrste dagen i ferien og regnet sprutar!

Anne Gurine.

Kjersti og Johannes (den eine jubilanten).

Benjamin ser ikkje heilt tilfreds ut, men det trur eg at han eigentleg var....

Kristin er i alle fall tilfreds!

Kvass stein på Melkevollen.

Revebjelle (digitalis purpurea), farleg (og), vakker.

Briksdalsbreen.

Askeladden?

Jepp Brit, kvar går turen nå??