søndag 19. oktober 2008

FOR ei lampe!

Dette er drømmelampa. Eller ei av drømmelampene. Det som er spesielt med denne her, er at ho står inne på stuegolvet vårt og skin. Vi har sett på ho lenge. Vurdert fram og attende, men i går vart avgjera teke og lampa kom i hus. Vi angrar ikkje. Vi tykkjer den berre blir finare og finare faktisk. Veldig tilfredse, for å si det mildt. Produsenten er northern lightning, og lampa heiter oslo wood. Det er sikkert noko som heiter lampefetisj. Kanskje eg og Vidar har det?

søndag 12. oktober 2008

Hemsedalshelg

På tur opp mot Skogshorn

Vidar freeflying

Skuggekyss

Vakkert....
Lauvet er borte, det er haust.

Eg ser deg overalt


Det va nok ei håndfull tid
og nok ein dag forbi.
Nå e resten vind i løvet.
Nå e resten som et sus
av stille bølgebrus
i ein menighet av døve.

Ikkje alle tar farvel,
men alle må ta kveld
når ein dag te sist e omme.
Du va halvveis i ein sang
med fleire vers på gang.
Men det komme som det komme.

Eg ser deg overalt;
i kvert fotefâr i støvet,
i byttedyr som falt
der jungelloven gjaldt,
og i livet laust på prøve.

Nå har sangen din tatt slutt,
for løpet ditt blei brutt.
Der va ingen siste anke.
Men eg ser deg, likavel,
i solefall og kveld
og i bånnen av min tanke.

Eg ser deg øvealt;...

(Vamp 2005)

søndag 5. oktober 2008

Supermamma...

Mamma har lånt rulleskøytane til Vidar. Det går så det suser! Ho tykkjer det er, for å si det med eit Vidaruttrykk, grisegøy! Avkommet er lettar bekymra, men dama har gått til innkjøp av alle nødvendige sikringsmidlar. Dette er ingen problem, seier ho sjølv. Stilen er i alle fall upåklageleg!

lørdag 4. oktober 2008

Prinsessa på erten

Badehund

Varga har bada i dag. Når Jo kjem heim blir det alltid bading. Det er han som er badeansvarleg. Varga tykkjer det er heilt greit. Faktisk ser det ut som om ho koser seg litt. Nå ligg ho framfor omnen. Skal tru om pelsen blir tørr til i morgon?

Hausten.....

...er her. Kald, klar luft og flotte fargar overalt i naturen. I skrivande stund sit eg i Skjåk. Her er det nysnø langt nedover fjellsida. Det kvite er ein vakker kontrast til dei guloransjraude fargane. Det har kome nysnø dit pappa skal og. Pappa sin aller siste fjelltur. Saman med meg, Jo og den vesle halvbroren vår Alexander. Det blir ikkje før til våren når det meste av snøen har smelta, Geitblomen blomstrar og vårvatnet sildrar og renn. Da skal pappa inn i fjellet ein gong for alle. Eg trur han hadde likt det.