tirsdag 30. desember 2008

Vind og temperaturendring i Hemsedal

Brrr, -20 grader viste graderstokken i dag tidleg når vi sto opp. Eg , Vidar og Tom trossa kulden og lempa turutstyret ut i bilen. Vi tenkte at vi skulle ta oss ein tur opp mot Svarthetta. Kroppen vart tulla inn i MENGDER med klede og så la vi i veg. I det vi gjekk ut av bilen på parkeringa fekk vi oss ei lita overrasking. Det var rett og slett ikkje kaldt! Temperaturen her var berre -2 grader. I staden hadde det byrja å blåse. Kameraet og linsa var sjølvsagt med i sekken, her er resultatet....

Ein rask liten svingovergang

Danielsen koser seg ser det ut til!

Vidar og kvist!

Tja, det ser ikkje så verst ut.....

lørdag 27. desember 2008

God linse, men dårleg fotograf!

Dette slapp eigentleg ikkje gjennom korrekturen, men for å bevise at vi har vore på tur i dag så legg eg det ut likevel. Ned gjennom skogen ovanfor Nysetra var det rette og slett fantastisk føre! 30 cm med fersk, fin og laus snø.

1. juledag på Rust.


Heilt frå eg var lita har vi feira 1. juledag hjå bestemor Rust. Ved 12-tida er det oppmøte og frå der går det slag i slag. Mat, skravling, mat, meire mat, skravling, dessert, kaker, marsipan, meir skravling og til slutt ein liten ekstra julekveld med full gaverunde. Det er utruleg kos å sjå tante og onkel, bestemor og sysjenbarna våre. Ikkje minst er det kos med dei to små døtrene til eine sysjenbarnet mitt. Dei er 3 og 4 år så kan eg love deg at det er full fart! Dette var sjølvsagt og ei gylden anledning til å prøve telelinsa mi så her kjem det nokre bilete.

Nøtteknekker Ingrid Louise


Edel Marie venter spent på neste gave


Eg veit ikkje heilt kven som koser seg mest eg...


Ei ekte uteku eller to.

For ei linse.....

....eg tør nesten ikkje vise meg med denne her. Den er lang og grå, og heilt RÅ!

Vidar er nemleg ikkje sann når det kjem til julegaver.

Julesnø i Hemsedal!

Dessverre er det så alt for lenge sidan.
Biletet er nemleg teke den 21. desember.

fredag 26. desember 2008

Juletrening for små og store.


Rett før jul inviterte eg og Vidar til ei lita stresspause frå alt julekaoset. Det vart servert både gløgg, pepperkaker og marsipan. Vi følte at det var viktig med litt trening til jul. Viktigaste treninga fekk nok smårollingane. Mykje sukker og seint i seng, fint å ha med seg inn i julehøgtida. Slik at dei veit kva dei går til, både ungar og foreldre....

Sindre har fått auge på eitt eller anna, stilongsen sin?

Hæ?? Skal eg i seng alt nå??

Thea Marie i gang med eit lite pek.
For oss som kjenner faren, det fjeset der har vi sett før!!!
Sindre og mamma Heidi!

Hannah får snart tak, pass på Sindre....!

Jammen kom nettaste nissejenta på besøk!

onsdag 24. desember 2008


Nå er det ikkje lenge til jula ringer inn. Jula blir rar i år. Ikkje slik eg hadde tenkt meg. Likevel så blir det jul, uansett kor klar/lite klar ein er så blir det jul. Eg er i Skjåk nå. Ute er det kvitt og minusgrader. Det er faktisk nokså bra julestemning. Inne hjå mamma er det i alle fall julestemning. Her det det som vanleg eit komplett julekaos. I alle år er det pappa som har stått for julematen. Slik blir det ikkje i år. Derfor har vi gått heilt bort frå den klassiske menyen med ribbe og riskrem. I år er det ytrefilet av rein med sellerirot- og potetstappe, sopp og smørstekt gulrot. Til dessert er det panna cotta.

God jul alle saman, nå skal eg setje på potetene og sellerirota!

onsdag 17. desember 2008

Finaste julesangen



"Mitt hjerte alltid vanker" er nok den finaste julesangen eg veit. Det er noko med melodien som fengjer. Det fins mange forskjellige innspelingar av denne sangen, både med og utan vokal. Aller helst kunne eg tenkt meg å legge ut Bugge Wesseltoft sin versjon, men den var ikkje å oppdrive nokon annan plass enn på Itunes. Derfor vart det altså Sissel Kyrkjebø som fekk den ære av å syngje denne sangen på bloggen min.

tirsdag 9. desember 2008

Back to the past...eller var det future?


Hmmmm, dette minner i alle fall stygt om Led Zeppelin.
Dette er rett og slett The Parlor Mob og denne plata kom ut i 2008.
Det høyres ikkje slik ut på grooven, og ser ikkje slik ut på hårsveisane, men det kling bra i øyra mitt!

Ordlister og dialekt!

Eg pratar dialekt. Det kan ein ikkje koma frå. I tillegg skriv eg nynorsk. Det er greitt med nynorsken. Der fins det ordlister å slå opp i om nynorsken blir for konservativ. Men så var det dialekta da, kva med den? Fins det ordliste her? Sjølvsagt fins det! For alle som lurar, og slit med å forstå kva det er eg seier, sjekk ut "pysje mæ alt" si dialektordliste. Den fins i bokform og....., men den er vel berre for spesielt interesserte.

fredag 28. november 2008

Skiinfo har fine bilete!


Dette er nemleg bilete av min kjære Vidar! Eit supert bilete som er teke av Nils Erik Bjørholt. Nils er god på bilete, sjekk ut sida hans MAXlys. Skiinfo ja, eg lurer på kor mange gonger eg sjekker det sida i løpet av ein vinter. Eg kan love deg at det er, OFTE. Fleire gonger for dagen. Det er som oftast bestemt av kva som skjer inn på Yr. Kva til vindretning er i vente? Vindretning er viktig både for puddersøk og spot-utvelging i windsurfing. I desse dagar er det sjølvsagt minusgrader og nedbør som er viktigast. Det ser dårleg ut for Hemsedal når det kjem til snøfall i helga, men turen går nå i alle fall dit opp om nokre timar.

Yr er nok den nettsida eg besøkjer oftast, både sommar, vinter, haust og vår. Den dagen eg fann ut at eg kunne laste ned historiske klimadata, ja, det var som julekvelden for meg! Klimageek! Korleis var livet mitt eigentleg før yr? Eg kan ikkje tenke på det ein gong;)

mandag 24. november 2008

Den evige by.....

Plutseleg var vi der, Roma. Med eitt var det pizza og pasta på kvart eit hushjørne, is og espresso, mengder med vin og ikkje minst, ein fantastisk arkitektur uansett kor vi snudde hovuda.

Vi overnatta, etter anbefalingar, på Hotel Pincino. Sjekk linken så kjem du inn på Venere.com. Eit supert verkty for å finne hotel i heile Europa. DET var ein digresjon.

Hotelrommet hjå Hotel Pincino....blått!

Det er ikkje ofte ein får vera aleine i Spansketrappene, men eg greidde det jammen!

Attende til Roma. Hotel Pincino ligg midt mellom Spansketrappene og den fantastiske Fontana di Trevi.
Dette er eit perfekt utgangspunkt for det meste i Roma. Alt er i gangavstand! Det må seiast at laurdag gjekk vi 11 timar, men vi fekk med oss mykje. Plasseringa til hotellet er og like ved den mest fancy handlegata i Roma, Via Condotti.

Mat er viktig og vi besøkte mellom anna den fantastiske Pizzeria Monte Carlo. Dette er ein stad der du, i alle fall i november, et saman med dei lokal romerne. Intet mindre en MEGET bra. Porsjonane er enorme og smaken upåklageleg. Dessutan reklamerar dei, saman med Pizzeria da Baffetto som er meir kjent, at dei har Romas beste pizza. Eg blir ikkje overraska om det faktisk stemmer. Dei to stadane er nemleg eigd av same slekta....

Skal du drikke vin så kan vi anbefale Trimani. Dei har ordna med italienske vinar sidan 1821, og har ei viss rutine på dette. Og så har dei ENORME vinglas og super mat.

Det er to stadar til eg må nevne. Den fyrste er Antico Caffè Greco. Eg trur Vidar enda kan kjenne smaken av den fantastisk (dyre) espressoen der.


Den andre er San Crispino som er kjent som den beste isbaren i Roma. Dei har mellom anna vunne det italienske iskremlauget fleire år på rad. Det er nok eit kvalitetsstempel vil eg tru? Isbaren er plassert ikkje så langt frå Trevi. Isen ligg gøymt i metalloppbevaringsboksar som held den perfekte temperaturen for dei ulike issmakane. Temperaturane varierar frå -9 til -18 grader. Det er berre ein ting å si: HIMMELSK!

Eg lura meg til eit bilete gjennom glaset, for ei fantastisk utstilling av godsakar!

Fiume Tevere, elva som renn gjennom byen.

Det er vanskeleg å ta bilete inne i store myrke kyrkjer, og Peterskyrkja er intet unntak. Tilslutt fann eg ut, at viss eg la kameraet på golvet, da ville biletet bli klart sjølv på lang lukkertid. Det var mange takbilete.....

Michelangelo sin berømte kuppel i Peterskyrkja.

Enda meir tak....

Gutta i Sveitsergarden, eller var det Pinoccio som hadde rømt?

Colosseum

Det er lett å la seg imponere av Phanteon. Tenk, dette bygget er frå 118-125 e. kr. Sidan det er hol i taket var det greit at det ikkje regna når vi var der. Dei hadde kanskje ikkje funne ut korleis dei skulle tette slike tak når dei bygde dette "alle guders tempel"? På ei anna side kan det vera greit å få inn litt ljos og....

Konklusjonen er som fylgjande: Såre bein og ALT for lite tid til å nyte denne utruleg vakre byen!


tirsdag 18. november 2008

Weak and powerless....

A Perfect Circle er eit av mine favorittband. Sjekk ut sangen og den grufulle videoen. Tittelen er litt beskrivande for korleis eg føler meg om dagen, men der stoppar og det som er likt. For dei som likevel blir litt bekymra når dei ser videoen, eg har fortsatt relativt kort, krølla brunt hår, eg HAR klipt neglene mine, eg går IKKJE naken, og eg samlar definitivt ikkje på insekt og krypdyr, ei heller har eg ramla ned i eit stort hol i bakken.

søndag 16. november 2008

Eg og kamera på tur...

Sol i stein

Frå Kolsåstoppen

Sisslerot

Kjonejordet 8

Heimen.

Med arbeid kvar einaste dag så er ikkje motivasjonen på topp når det gjeld oppussinga. Det skjer nå småting heile tida, så her kjem ei lite bileteoppdatering. Om ikkje anna så har vi fått ordna oss ein liten god krok inne i stua. Og så måtte eg nesten legge med bilde av ei lampe til. Nok ein norsk produksjon, Luxo. Ein gamal og god klassiker som i utgangspunktet dei fleste kjenner som skrivebordslampe.

120-årsfeiring!

Vidar sine foreldre, Berit og Sigmund, fyller 60 år i år og neste år. Dette er meir enn GOD grunn til litt feiring. Heile gjengen møttes derfor ei heil helg på Pers Hotell på Gol og storkosa seg saman. For dei 4 jentene, Mia, Karoline, Amalie og Lea, var d ekstra artigt. Sjekk linken og forstå kvifor, LINK.

AMALIE!

LEA!

KAROLINE OG MIA!
Gjesp? Laksygenet slår til igjen.
Klar for senga kl 21.00!