mandag 30. juni 2008

Bloggepause, vi pusser opp!


Kjem attende med meir informasjon om litt.....kanskje nokre bileter og! Soverommet er nemleg snart ferdig:)

søndag 22. juni 2008

Oppussinga er i gang!!


Nå er vi i gang. Med det same Vidar hadde fri og det ikkje var vær til korkje seiling, klatring, sykling eller anna fysisk fostring, da kom oppussinga i gang. Listinga rundt glasa i stua har gått frå å væra myrke brune til å bli kvite. I tillegg har det eine soverommet fått ei litt meir tiltalande farge enn opprinneleg, viser til bileta for å sjekke ut farga. Det trengs eit strøk til, men det har deifinitivt vorte ei anna farge på rommet, godt!

Rosa, rett og slett!

Det byrjar å minne om kvit farge:)

Helg igjen!

Eg har ikkje vore noko flink til å skrive denne veka. Det har på ein måte gått i eitt. Eg har sykla til og fra jobb, møtt Ingvill, vore ein tur hjå Ingrid, hatt ein bomtur til Larkollen tysdag, vore på sommaravslutning i avdelinga på jobb og sist, men ikkje minst så har eg hatt ein GODtur til Larkollen. Det var fredag og det bles EIN DEL! Eg fekk trena inn vannstarten, nå trur eg at den sit. Etter 5 timar med kjemping med og mot vinden i vatnet var både eg og Vidar heilt utkjørt. Kroppen var så vond etter all kjempinga at det var vanskeleg å sovne om kvelden enda kor trøytt eg var. Laurdagsmorgonen var det sjølvsagt klart for klatring igjen, oppe på Megaløkenhavna. Eg har funne meg eit lite prosjekt der, ei 7- rute. Vidar og Øyvind har eit 7+ prosjekt. Skal koma attende med rapport på korleis det går. Vidar imponert i alle fall med å lede ruta med eit heng.

Middag må vi ha når det er helg og kva er vel betre enn å få besøk av gode venner for å dele måltidet med. Ikkje mykje som kan måle seg med det. Øyvind var alt på plass etter klatringa, så han var ein sjølvskriven gjest. Thomas er gressenkemann om dagen så han tok med seg Karo og dukka opp. Tilslutt så ramla Bengt og Solveig inn. Da var det berre å gafle innpå!

Meny

Spekeskinke og parmesanost
servert med balsamico og jordbær

***

Grilla ananas- og
appelsinmarinert kyllingbryst med
ovnssteikte mandelpoteter og appelsinsjysaus

***

Søte norske jordbær med
brownie- og karamelliskrem



Blide, gode og mette!

Solveig tester ein Caipirinha, meir sukker og den vart godkjent!

søndag 15. juni 2008

Blide jenter på besøk!

I helga har Mia og Lea vore på besøk i Oslo saman med foreldra Frode (bror til Vidar) og Mette. Hovudgjeremålet for Lea var å sjekke ut kva til farge slottet har. Det er nemleg slik at slott er rosa på farge, utan unntak. Ho hadde sjølvsagt inngått veddemål om at slottet var rosa.
Det var vanskeleg å få auge på slottet når vi sto nede ved Stortinget. Ikkje så rart når ein går og ser etter noko rosa. Etter å ha prata med vaktene til kongen, og konstantert at slottet faktisk var gult, spaserte vi i retning Akerselva og Mekka med innlagt ispause på Karl Johan.

I dag, sundag, har været vore dårleg det meste av dagen. Da er det bra at det fins innandørs klatreveggar. Heile gjengen reiste til klatreverket for å teste fingerstyrken. Mia imponerte STORT med å klatre fleire ruter heilt til topps og Lea vart heilt rå på buldreproblemet ved elefanten og frosken. Frode kjem nok til å kjenne det litt i underarmane han og vil eg tru..... Som avslutning på helga reiste vi ut til Pannekakehuset på Bærumsverk, NAM!

Mia tester hengestolen.

Lea vart heilt vill av huskinga, bra stol!

Genialt å huske onkel Vidar i kokongen, eller var det hengekøye....

Mia traff ein hyggeleg kar på Karl Johans gate.

Slottet er gult og skorne til vakta blanke!

Lea poserer med tunga ute.

Fredagsklatring

Fredag var det klatretid igjen. Eg, BT ( med kneproblem) og Øyvind (med ryggproblem ), eller handicaplaget med ledsager som vi og blir kalla, tusla oss opp til Megaløkenhavna. Dessverre fekk vi gjort berre oppvarminga. Brått byrja det å dundre over hovudet på oss. Det var Tor med hammaren som drog til med eit slag og når han byrjer bråke betyr det at det er nedbør i vente. Ganske riktig, og det til tross for Øyvinds godværsoptimisme, så byrja det å hølje ned. Vatnet rann nedover klatreveggen og det var berre å reise heim igjen, men det var triveleg så lengje det vara!

BT imponerte og gje rett på leding med 0 korsbånd i eine foten!

MEN så var han jammen blid når han kom ned og da!

Øyvind satser på kjekkasutrykket(?) sitt, medan BT satser på....ein tur ut i verdsrommet?

onsdag 11. juni 2008

Nokre fleire bilder fra i går...

Kven var det som sa noko moro?

Hal og dra!

Dritlei nå!

tirsdag 10. juni 2008

Meir vind!

Vindmeldingane for tysdagen var veldig bra, men dei slo ikkje heilt til, dessverre. Vindretninga var litt feil så vinden varierte frå full spikar til nada. Brettseiling blir vanskeleg da, enda vanskelegare enn til vanleg. Jo var med ut til Larkollen og fekk ilddåpen sin med brett og seil. Frustrasjonen meldte seg etterkvart, men det var neimen ikkje rart med den psykovinden. Opp på brettet for så å bli meia ned i vatnet av enten lite samarbeidsvillig brett, seil, vind eller vatn. Det skjer nesten kvar gong i byrjinga, men det blir betre etter kvart! For meg sat vannstarten i dag og (stort tilfreds smil på frk Haugen).

Jo gjer one hand in the air drag along!

mandag 9. juni 2008

VIND!


Endeleg byrja det å blåse! Eg og Vidar pakka utstyret og reiste ut til Larkollen, forventningsfulle som få. Larkollen svikta ikkje. Her bles det bra ja. Vi rigga utstyret og kom oss på vatnet. Skal ikkje gå gjennom alle detaljane av kva som skjedde, men prøver meg på eit kort samandrag av min dag. Eg fekk eit lite gjennombrot på fleire ting:
  • Fekk plassert begge føtene i fotstroppane
  • Fekk hekta innpå trapesen
  • Kom i plan med føtene i fotstroppane og i trapes (GØY!)
  • Greidde fleire vannstartar
Skulle ha teke bilde av seansen, men eg var rett og slett for ivrig til å gå bort i bilen for å hente kameratet. Utslitte, men blide og tilfredse kjørte vi heim til Kolsås. Godt å finne senga etter ei slik runde på vatnet. Nå ser eg fram til neste dag med vind......

Det vart ein stor dag for frk. Haugen!

søndag 8. juni 2008

Megaløkenhavna

I går var det klatring på Løkenhavna, eller på Megaløkenhavna som er namnet på den delen vi klatrar. I Løkenhavna er det for det meste utelukkande svært tung klatring, men på Megaløkenhavna er det ein del lettare ruter. Ikkje for det, Vidar og Øyvind er i gang med å lede ruter på 7-talet så det byrjar å kome seg for dei to. Eg derimot er ikkje der. Har byrja å lede igjen, men vågar meg på berre 5`er ruter. Greier å karre meg opp 6`er ruter på topptau, på ein god dag. I dag greidde eg ikkje det ein gong. Eg skal slutte med den klatringa. Det vart vel konklusjonen etter å ha sklidd av gong etter gong på ei 6- rute. Vi får sjå kva det blir til. Eg er litt mildare stemt til klatringa i dag. Ivriggutane Vidar og Øyvind er og klatrar nå, før vindsurfinga. Det er nemleg meldt vind i dag. Eg gler meg til det og været er like fint!

Vurdering av rutene. Øyvind er fin i høg blå hjelm!

I dag var det tungt.

Mjuk?

Vidar i fin positur.

Han står faktisk på bakken og heldt seg fast...

Laurdagsfrukost

Det skal vi ha eg og Vidar, vi er flinke til å ete frukost. Spesielt er vi flinke på lange frukostar med mykje godt å ete, nylaga juice, avis og ikkje minst kvar sin kaffe latte, eller kaffe med mjølk om du vil.

Været er like fint. Går og ventar på vind. Den skal koma litt utpå dagen om sundagen i fylgje Windguru. Vi gler oss!

Frukosten sin!

Godstolen i epletreet

fredag 6. juni 2008

Det var den seilturen.....


Tom hadde invitert oss med på seiltur i dag. Det gjekk på denne måten. Med litt dårleg tid som utgangspunkt deisa bilen inn i fortauskanten like ved folkemuseet på Bygdøy og bang, flatt dekk. Turen vår endte i alle fall ikkje på ein seilbåt ute i Oslofjorden. I staden fann vi ut at det var annan dimensjon på mutterane på reservedekket enn på det som punkterte. Vi fann ut at det var dumt å legge att skiftnøkkelen og alle fastnøklane (som normalt ligg i bilen) på Kolsås. Vi fann ut at ei rørleggertang ikkje egna seg til å stramme mutterane og ikkje minst fann vi ut at reker tiner ganske fort når det er 30 varmegrader. Vi har lært mykje i dag. Noko fekk vi altså ut av kvelden......

mandag 2. juni 2008

Så sliten, så sliten....


I dag har eg starta opp att på arbeid, men det er ikkje det som har gjort meg så sliten. Det er nemleg syklinga til og fra jobb. Det er eit lite stykke til og fra Oslo, rundt to mil, ein veg. For reknespesialistar blir det ikkje vanskeleg å kome fram til at eg har sykla 4 mil i dag. I tillegg så har eg testa dei nye sykkelskoa (på bildet) og, ikkje minst, spd-pedalar. Eg har ein kommentar til det opplegget der, SKUMMELT! Likevel så ser eg heilt klart at syklinga kan bli litt meir effektiv. MEN eg ser ikkje fram til den dagen eg ikkje får løyst meg frå pedalane og går i bakken med eit høglydt vræl! Eg får freiste lukka att i morgon. Nå må eg rett og slett leggje meg skal eg orke å sykle den lange vegen til byen i morgon og....phu!