torsdag 31. juli 2008

Endeleg på Storen, 2405 moh!

Store Skagastølstind, 2405 moh, Noregs 3. høgaste topp, endeleg kom vi dit eg og Vidar. Vi har prøvd fleire gonger begge to utan å lukkast. Været har gjort sitt til at det har vore umogleg. Eg har faktisk vore heilt opp på Hjørna (staden der ein startar klatringa), medan Vidar berre har kome fram til breen før lunefullt vær har stoppa bestiginga av Storen.

Vi reiste, frustrerte over oppussinga vår, onsdag kveld etter å ha observert yr.no i lang tid. Det skulle væra fint vær i 2 dagar i Vest-Jotunheimen. Klokka o6.00 torsdag morgon byrja det å klirre i sikringsutstyr hjå ivrige klatrar på parkeringa utanfor Turtagrø. Vi gnei søvnen ut av augene og såg ut på været, ikkje ei sky å sjå. Vi kasta oss rundt så godt vi to greier og byrja gå kl o8.00.
Etter 500 meter måtte i ha fyrste stoppen. Det var for varmt med bukse og genser, shortsen måtte på. Solkrem hadde vi gløymt. Dette var lovande.
Mot vest i Skagadalen ligg Dyrhaugsryggen med Store Dyrhaugstind (2147 moh) som det høgaste punktet. Om ein snur seg og ser nedover dalen ser ein mot nordover mot Jostedalsbreen og Lodalskåpa som stikk opp som ein liten svart hatt. På tur innover dalen passerer ein og den raude hytta til Tindeklubben.

Før vi kjem på bandet må vi over Skagastølsbreen. Heldigvis var den fin å gå på. Seinare på sesongen, når all snøen har smelta, kan den vera litt verre å koma seg over utan stegjern.
Oppe på bandet var det ei fantastisk utsikt som møtte oss. Midtmaradalstindene ragar framfor oss og langt der bak ser vi både Falketind og Stølsnostind. Det er så vakkert at ein nesten mister pusten!

Etter ei lita pause ved hytta på bandet er vi klar for klyving og klatring. Vegen opp til hjørnet er til tider strabasiøs. Stifinnaroppgava er ikkje enkel. Vi tullar oss sjølvsagt for langt til høgre og finst att ute på svaberga. Heldigvis er sikringsutstyret med så det heile ordner seg med nokre enkle sikringar.

Vi hadde på førehand bestemt oss for å gå ei rute som heiter Solskinnsdiederet. Dette er ei forholdsvis ny rute som vart gått fyrste gongen i 1994. Graden er 5-, men med 10 kg sekk var det meir enn nok for meg. Innsteget var heller ikkje så godt å finne, så starten på ruta vart nok litt tyngre enn 5- for å si det slik.
Siste taulengda fekk eg gå utan sekk og da gjekk klatringa som ein leik sjølv om det er ganske så luftig....
Vidar var supersnill og lot meg få sjarmøretappa til topps. Det var to svært blide klatrarar som sto på toppen i varmværet. Det var ikkje eit vindpust å kjenne og utsikta var det heller ikkje noko å si på.


I kveldsola returnerte vi frå toppen og ned til hytta på bandet. Det var fortsatt ikkje ei sky å sjå på himmelen. Vi byrja å kjenne det i føtene nå. Eg kjente det særleg i høgre foten. Det var kanskje ikkje så rart med eit vekesgamalt spikarhol på oversida.
Etter ein dag med så varmt vær var snøen breen god og blaut, men kva er vel betre enn å vri sokkane sine i solnedgang? Ikkje mykje.

Klokka 23.30 var vi nede ved bilen igjen. Det hadde vore ein lang dag med mykje kos! Middagen, som besto av kvar si Solo og ei pakke tortilla chips, vart innteke i ein fei. Snart låg det to tilfredse, trøytte typer i penthouseleilegheita i multivanen og sov si søtaste søvn.....

onsdag 23. juli 2008

Brimi Sæter

På veg heim til Kolsås frå Skjåk leika eg og Vidar turistar. Vi fann ut at vi skulle kjøre på grusveg om Tesse og stoppe på Brimi sætra hjå Hans Brimi. Hans gjekk eg saman med på vidaregåande i Lom og han er ein smilande, drivande og dyktig kar. Det kan ein sjå når ein kjem til Brimi setra. Her har han og Ola, som sikkert er minst like dyktig, bygd opp ein fantastisk stad. Dei driv med kulturarv i praksis som det står på heimesidene deira. Dei har eige ysteri og Vidar kasta seg over den lokale delikatessa. Nå ligg det ein stooor bit i kjøleskapet vårt, NAM!

Sjekk ut heimesidene deira og ta turen innom, det er verd det:)

Brimi Sæter

Eit bilete frå sætra (foto frå heimesidene til Brimi Sæter).


Landsfestivalen.....

....var ei super oppleving!
Eg er glad for at eg var frivillig under tvang. Trur Vidar kosa òg seg på denne samlinga av gammaldansentusiastar frå heile Noreg. Mamma såg ut til å vera ein av dei mest entusiastiske. I tillegg så imponerte ho og Trygve med bronse i masurkadansing, heia mamma!
To skår i gleda over å vera på festival var ein liten forkjølelse som hoppa på meg og, ikkje minst, spikaren som eg dundra inn i foten rett før vi skulle reise frå Kolsås torsdag. Det vart eit blodbad utan like og Vidar sprang rundt for å finne papir for å tørke blodet som sildra ut. Det var ikkje nok med èin serviett for å si det slik. Heldigvis for meg så var det på oversida av foten så den kunne trakkast på ganske umiddelbart etter skada hadde skjedd. Vidar vil kjøpe vernesko til meg nå. To par. Eit til vanleg bruk og eit til bruk i dusjen.

Spikarholet!

lørdag 19. juli 2008

Brit på brettet!

Fekk to fine dagar på Larkollen denne veka her. Jammen vart det bileter av meg og for ein gongs skuld. Må innrømme at etter desse to dagane var det heilt greit med ei lita pause.
Turen har nå gått til Skjåk og Landsfestivalen i Gamaldans som blir arrangert denne helga. Det er mi kjære mor som er festivalsjef så da er det berre å stille opp som frivillig.....under tvang.

mandag 14. juli 2008

Rosa veggar, no more!

Vindfull sundag på Larkollen!


Eg og Øyvind starta med vindsurfinga i Hvide Sande i Danmark for nokre år sidan. Der såg vi ein tendens. Det var at når eg var blid så var Øyvind sur, og omvendt. Humøret heng saman med prestasjonane på brettet sjølvsagt. Dette gjeld fortsatt. I går, ute på Larkollen, så var eg blid heile tida!

onsdag 9. juli 2008

Vi pussa av oss bygningsstøvet.....

.....og reiste ut for å klatre ei runde på Megaløkenhavna. Vidar imponerte med å cruise opp 7+. Øyvind imponerte og med å lede den same 7+ til topps for fyrste gong. Jubelen når han kom til topps var upåklageleg, eit velkjent Øyvind Habberstad hysterisk latteranfall. Fantastisk bra å høyre på for oss andre. Vi VEIT at han koser seg når det kjem slike utbrot:) Eli imponerte og. Ho trossa høgderespekten sin og heelhooka seg opp ei 6-. Eg vèl å ikkje kalle det høgdeskrekk. Når bevegelsane er så gode som dei Eli viste i dag så er det ikkje prat om nokon skrekk, men heller respekt. Skrekk betyr å klamre seg fast! Nei her var det berre prat om respekt, og DET kan ein leve med som klatrar!


Eli ser bekymra ut......

....., men Øyvind greidde seg strålande!

Full opning!

Da har vi fått fjerna veggen og det ser bra ut! Det har, om ikkje anna, potensiale til å bli fint på litt sikt! Mykje god ved har vi og fått ut av dette her. Vi er og imponert over spikerbruken på denne veggen. Rekorden på eit veggbord er 45 spiker. Det burde henge fast da.....

Eit lite utsnitt av spikerhelvetet.

tirsdag 8. juli 2008

Oppussingsoppdatering.

Da var det nok på tide å koma med ei lita oppdatering på korleis det går med oppussinga på Kjonejordet.
2 av 3 soverom har vorte kvite, men er i skrivande stund er dei så fulle med saker og ting fra spisestua og stua at det går ikkje an å ta bileter der inne. Det kjem seinare.
Gangen har vorte sparkla og i morgon set Vidar i gang med fyrste runde pussing der inne.
I spisestua er dei lilla pyntelistene borte og halve veggen inn mot kjøkkenet har forsvunne i løpet av dagen i dag. Det er spennande når slike store ting som å fjerne ein vegg skjer. Ein kan finne ut nye ting om staden ein bur. Feks at strømledningar kjem ned i stålhylster gjennom taket OG at det er tregolv under belegget på kjøkkenet. Spennande, spennande!
I morgon er er det ein ny dag og da skal resten av veggen fjernast.....

Ljosgul farge er erstatta med sparkel.

Så blir det hol i veggen til slutt.....

Den som sager synder ikkje!

Resultatet etter fyrste dag med veggfjerning.