tirsdag 23. september 2008

Tytingtips!


Vi et ikkje så mykje tyting, eller tyttebær som dei fleste seier. Likevel så er tytingsyltetøy eit "must" til feks. kjøttkaker. Lag derfor porsjonspakningar. Fyll på med den mengda syltetøy du trur du treng til eit kjøttkakemåltid, knyt, ny runde med syltetøy, knyt, syltetøy, knyt. Den einaste begrensinga her er lengda på posen din. Hiv tytingposen ned i fryseren og når dagen kjem, dagen da kjøttkaker står på menyen, så klipp av ein porsjon. Får du middagsbesøk den dagen, klipp av to porsjonar, perfekt!

søndag 21. september 2008

Loppis!

Haust er loppistid og i helga krydde det av gule skilt som viste veg til alle potensielle loppestadar. Både mamma og tante hadde teke turen nedover for å sjå korleis loppemarked utarta seg her i sørlegare strøk. Eg trur ikkje dei vart skuffa. Bilen deira vart i alle fall full. Faktisk så står det saker og ting att på lager her på Kolsås.
Eg fann meg og nokre småskattar. Ein retrostol og ei skikkeleg julekåpe.

Is frå Vågå.


Om du ikkje har prøvd den så prøv. Kan anbefale bare blåbær, sjokolade, og mint med sjokoladebiter! Smaken er uansett som baken, finn din eigen favoritt.

Plommesyltetøy

Vidar liker ikkje plommesyltetøy. Eg hadde med andre ord ei formidabel utfordring. Nemleg å lage eit syltetøy som også Vidar ville ete og like. Etter å ha lese X antal oppskrifter kreerte eg mi eiga. Og det verste var, Vidar liker det!

Plommesyltetøy som Vidar og liker
2 kg plommer (utan stein)
1 sitron
2 appelsiner
2 kanelstenger (heile)
1/2 vaniljestang
700 g sukker
100 g brunsukker
evt litt honning (ca 1 ss)

Kok i ca 1 1/2 time

250 g hakka hasselnøtter

Kok i 15 min til
Tilsett 1 pose Jam 2 min før kokeslutt

Ha på reine glas og sett kaldt.
Ta opp eit glass litt seinare utpå hausten/vinteren
og ha på nybakt brød!
NAM!

Frå kokinga.



mandag 15. september 2008

Ulabrandseilasen 2008


Endeleg vart det seiling....og plassering vart det til og med!
MEN eg må si at neste gong, neste gong så må det vera litt vind. Eg trur det er litt meir action da. Det einaste vi gjorde var å springe rundt i ring på båten for å fange den vesle vinden som var. Vi fanga det vesle som var og kom faktisk fyrst over båtstreken. På grunn av lystallene så vann vi ikkje likevel, men gutta på båten var stortilfreds.
Slik ser den ut båten som ga alt denne vindstille søndagen i september.

onsdag 10. september 2008

...........................................................................

Eg vurderer eit ja på det er.....
Det hadde seg slik at eg og ein kollega skulle i eit jobbmøte med T-kartor i Sverige. Dei er lokalisert i Skåne i Sør-Sverige, nærare bestemt Kristianstad. Den enklaste vegen dit er faktisk via Danmark, så tidleg i går morgon reiste eg ut til Gardermoen for å ta fly til Kastrup. Vidare skulle vi ta toget, fyrst til Malmø og så vidare til Kristianstad. Ein stad på vegen var det linjearbeid og alle passasjerar vart lasta over på buss. Eller som det sto på dei; buss erstattar tög. Vi vart henta som avtala på togstasjonen i Kristianstad og hadde eit vellukka og kreativt møte. Så skulle vi heim igjen. Toglinja var sjølvsagt ikkje reparert til tross for at møtet vara fleire timar, og det bar inn på bussen igjen (bussen som erstattar tög). Når vi kjem til staden der vi skal over på tog så viser det seg at BUSSEN KORRESPONDERER IKKJE MED TOGET. Toget forlater faktisk perrongen i det vi kjem dit! Dette fører til at vi må vente på neste tog, eit mykje seinare tog. Vi tapar 50 min på dette. Det gjer av vi ikkje når flyet heim...... Eg kom heim klokka 01.00 i natt. Måtte invistere i ein svindyr billett frå SAS.

Så JA!! I går hadde Skåne vore betre utan kollektivtrafiken!

søndag 7. september 2008

Epletreklatrande sjonglørar på besøk!



I dag kom Øyvind og BT innom ein tur for å plukke litt epler og plommer. Genialt, for nå byrjer det å bli i overkant mykje modne frukter her på Kjonejordet. Ein blir litt rar i magen av så mykje frukt for å si det slik. I morgon må eg ha ei runde med sylting av plommer. Nå når eg har frukttre så bør eg nytte meg av dei godene og ordne med eit lite lager til vinteren.
Etter fruktplukkinga vart det tid til litt sjonglering og.....klatring på Megaløkenhavna!

lørdag 6. september 2008

Belønning.

Torsdag kom eg i krig med skrivaren og kopimaskina på arbeid. I kampens hete fann eg ut at det var lurt å gå inn slette alt som låg i kø til å bli skrive ut. Dette er ein omstendeleg prosess sidan eg må gå inn til kvar og ein som har bedt om utskrift for å slette oppføringa, og lista var langt. Eg byrja på toppen på lista og leita meg fram til det rette kontoret. Der sat det ei fortvila dame. Ho hadde prøvd å rydde litt i dokumenta sine og plutseleg var alt borte.... Det ein dokumentet skulle leverast inn til trykk i morgon. For å si det mildt så var det krise! Etter eit lite søk på maskina hennar fann eg heile mappa liggande i søppelkorga. Da var det berre å trykke på "restore" og vips var alt på plass igjen. Lykka var stor. Det kom fram i enda større grad dagen etter, altså fredag. Om morgonen sto denne dama plutseleg på kontoret mitt med ein stor vakker blome som eg skulle få. Ho sa unnskyld for at ho i forfjamselsen over dei bortkomne filene ikkje hadde presentert seg i går ,og takka nok ein gong for at eg fann filene att. Ho var så glad! Og eg fekk ein blome! Det er jo heilt fantastisk. Eg går rundt og gliser enda.

Kulturutflukt


I kveld skal naturgjengen plutseleg vera kulturgjengen. Ettersom denne helga ikkje har tenkt å by på korkje sol eller vind så fann vi ut at vi skulle sjekke ut litt av kulturlivet her i Oslo. Turen går til Oslo Nye Teater og forestillinga er noko så klassisk som i et dukkehjem. Vidar, Brit, Øyvind, Hanne Silje, Bjørn Terje og Lina gler seg!