Viser innlegg med etiketten Klatring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Klatring. Vis alle innlegg

tirsdag 12. oktober 2010

Haustferie i Fontainebleau.

Fontainebleau, rett sør for Paris, er eit fantastisk område for buldring. Eit enormt skogsområde med store steinar som skapt for å klyve på. Ta eit fly ned til Orly Airport sør for Paris og da er det rundt 50 km ned til dette buldreparadiset. Vi ordna oss med leiebil og ein "gite" gjennom Gites de France. Leilegheita (giten) låg i Bourron Marlotte heilt sør i skogsområdet. Perfekt utgangspunkt for fleire av buldrefelta som vi besøkte. Dessutan vart det sjølvsagt ei veke med store mengder franske bakervarer, ostar og vinar. I tillegg var været ganske så bra. Temperaturar rundt 22 grader og lite regn. Det blir ikkje siste gongen vi gjer dette her nei.....

Idunn er klar for sin fyrste utanlandstur, superklar!

Ei natt på hotell i kunsterlandsbyen Barbizon før vi fløtte inn i "giten".

Litt regn, men like idyllisk.

Fransk gourmetbutikk.....

Fyrste stein funne, hurra!

Og Vidar var ikkje sein å be....

I døropninga i "giten".

Neste år skal eg jaggu vise dei buldring ja!!

Inntil vidare brukar Idunn buldrematta som seng, perfekt!

Sandbotn er perfekt for mjuke landingar.

Idunn var rett og slett ekstatisk kvar gong ho fekk ta på steinane.

Perfekt familieaktivitet!

Åh, ta i!!

Tung i ræva og svak i armane, dårleg utgangspunkt for buldring.

Bra nokon held styr på kvar vi befinn oss.

Lunsjkos på matta.

Rett og slett eit fantastisk område.

Norsk delegasjon på Franchard Isatis.

Hoppande ung buldrar.

Hilde, Ingrid og Vidar slapper av på siste buldredag.

Ekte turist utanfor Versailles.

Tilfreds med ikkje å ha ansvaret for denne hagen kjenner eg!

Kommande botaniker? Idunn viste enorm interesse for lauvverket.

Idunn og pappa.

Pappa og Idunn.

Idunn og pappa igjen.....

Idunn og pappa og slott!

onsdag 18. august 2010

Drammensbuldring

BT klar for å ta imot. Han slapp det.

Min tur?

Idunn imponerte med avføring i det fri på si fyrste buldreøkt.

søndag 14. februar 2010

Nokre isklatrebilete frå Rjukandefoss i Hemsedal

Øyvind og Vidar på veg opp.

Jo med eit lite glipptak, men det gjekk bra.

Charles på ei artig utfordring.

Unge Habberstad koser seg som vanleg.

mandag 6. juli 2009

Litt klatreoppdatering

Her kjem nokre bilete frå ymse klatreturar til Bera-feltet i Drammen. Knallhard, flott granitt og eit lite eldorado med både bolta og naturleg sikra ruter.

Zoom inn!

Vidar på flott rute!

Opp her tru?

Jepp! Ein klassikar!

God gjeng....?

mandag 25. mai 2009

Bohuslän klatreeldorado.

Turen til Bohuslän i fjor gav meirsmak, så eg og Vidar stuva bilen full og reise nedover mot vestkysten av Sverige. Viss trafikken er under kontroll ut av Oslo og nedover Østfold, så tek det ikkje meir enn 2 og ein halv time å koma seg ned til granittrissa og flåtten. Trafikken var heldigvis under kontroll. Vidar har ein tendens til å bli meir enn normalt irritert om han må sita i bilkø. Etter litt surring for å finne stien endte vi opp i Bjørkeberget, og som vanleg så presterte eg over evne når det er lenge sidan eg har klatra.

Unge Laksy ser skeptisk ut, risset ventar!

DER Vidar! DET kan vi gå!!


Bilen fungerte som bolig og ein parkeringsplass i Smögen vart tilhaldsstaden for helga. Ei populær festhavn for norske seilarar. Høgsesongen for fyll og fanteri hadde ikkje byrja enda og dermed framsto Smögen som eit skikkeleg paradis. Ikkje minst på grunn av bakeriet Skäret. Er du i Smögen er eit besøk dit obligatorisk! Natt til fredag styrtregna det. Vi hadde med andre ord ikkje store forhåpningane om klatring den dagen, men jauda. Ein tur ned til Kleven kl. 15.00 og der var veggen fin og tørr!

Kleven, grei vegg med flott plassering.

Klar?

Jammen!

Dramatisk ljos og vakker utsikt.

Kvar vart det av Vidar?

Han la att skorne sine og....

....gjekk for å plukke blomar.

Fredag klatra vi i Brappersberget. På grunn av meir regn var det eit av få alternativ som tørkar fort. Der var vi ivrigast på å klatre og minst ivrige på å ta bilete. Derfor kan ein sjekke ut bileta frå i fjor. Vidar hadde nemleg noko ugjort med ei 6- rute der....

Magen full av rekesmørbrød, solnedgang og dunjakke, det blir ikkje stort betre enn det.

Søndag reiste vi til Hallinden for å gjera klassikaren Prismaster som er ei vedvarande 6- på 44 meter. Vidar cruisa og eg sleit. Eg er som sagt best når eg har kvilt meg i form. Dette var tross alt 4. dagen med klatring. Uansett så kom eg meg opp (til slutt) og tilfredse kunne vi reise attende til Kolsås. Nå blir det nokre dagar med restitusjon før eg, nok ein gong, har kvilt meg nok i form.