Viser innlegg med etiketten Pussing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pussing. Vis alle innlegg

søndag 27. september 2009

Hylle og kjøkken!

Haust betyr pussing og nå har mykje av kjøkkenet og bokhylla kome på plass. Bokhylla er spesialtilsaga av hyllekomponentar frå ikea. Nå står det berre att å få inn alle bøkene...

Jepp, nytt kjøkken!

Superhylla!

søndag 16. august 2009

Det skjer ting i heimen....

....sjølv om vi helst vil drive med fritidsaktivitetar. Vi prøver å kombinere det så godt vi kan. Derfor sto vi opp kl 08.00 i dag tidleg og mala over strøk nummer 2 i stua. Som dykk kan sjå på eine biletet så blir den kvit. Veldig kvit. Det bør forandre seg når vi får inn møblar og slik. Vi kan ikkje bu i noko som minnar mest om ei sjukestuggu!
Ellers så byrjar det å ta litt form inne på kjøkkenet og. Benken i etehjørnet er kome på plass. MEN den er ikkje fastskruva enda sidan vi har stygge planar om å lage sjukestuggu av den delen her og. Denne benken er og ein liten miljøstasjon med lagring av papir, plast, glass osv. Den er faktisk litt genial! Benkeplata er olja og på plass komen saman med ei hylle i enden.

Matmor på plass midt i spotlighten!

Sjølvfiksa bord og benk! Nye stolar er bestilt...

Utsyn mot eteplass. Legg merke til reklameplakaten på veggen, kjøpt på loppis. Hjortehornet i trappa ned til sengeromma er det Tore J. Haugen si forteneste at heng der.

Sjukestuggu!! Det blir nok fint....

søndag 16. november 2008

Heimen.

Med arbeid kvar einaste dag så er ikkje motivasjonen på topp når det gjeld oppussinga. Det skjer nå småting heile tida, så her kjem ei lite bileteoppdatering. Om ikkje anna så har vi fått ordna oss ein liten god krok inne i stua. Og så måtte eg nesten legge med bilde av ei lampe til. Nok ein norsk produksjon, Luxo. Ein gamal og god klassiker som i utgangspunktet dei fleste kjenner som skrivebordslampe.

søndag 31. august 2008

Kjonejordet 8 i slutten av august.


Her er nokre bilete frå både ute og inne. Berre for å vise korleis det ser ut her nå. Det går sakte med oppussinga. Jobb og sykling krev sitt av energien til oss to som bur her. Det blir ikkje att så mykje energi til pussing. Men tankane og ideane for korleis det skal sjå ut her når det er ferdig er under stadig fornying og utbetring. Ute modnes plommer og epler....

Alle overskap og fliser er borte. I dag skal det sparkles!



Støttekontruksjonar for at ikkje plommetreet skal gå i kne.

Snart søte og gode.....?

søndag 17. august 2008

Ferdigmala stue!


Det er faktisk ei lita stund sidan vi vart ferdige med malinga, men har ikkje fått lagt ut bilda før nå. Peisen står det att ein del arbeid på. Sluttresultatet, slik den nåverande planen for peisen er, skal bli grå og svart. Det står att å sjå om det er slik det blir til slutt. Oppussingsplanen er under stadige utbetringar....

tirsdag 5. august 2008

Heile dagen lang....

....står vi og pusser, og sparkler, og maler, og pusser igjen, og sparkler enda meir. Men ein kan sakte, men seint sjå ei lita endring inne i kåken vår. Veggane i stua er ikkje mintgrøne lenger. Nei, dei er eggekvite med ljosgrå sparkelflekkar på. I morgon vil ho vera enda litt meir eggekvit med nokre få flekkar, og kven veit, torsdag er den kanskje berre eggekvit. Det vil si at snart kan vi fløtte nokre av tinga våre inn på stua igjen, i den kvite stua utan bogegang!

mandag 14. juli 2008

onsdag 9. juli 2008

Full opning!

Da har vi fått fjerna veggen og det ser bra ut! Det har, om ikkje anna, potensiale til å bli fint på litt sikt! Mykje god ved har vi og fått ut av dette her. Vi er og imponert over spikerbruken på denne veggen. Rekorden på eit veggbord er 45 spiker. Det burde henge fast da.....

Eit lite utsnitt av spikerhelvetet.

tirsdag 8. juli 2008

Oppussingsoppdatering.

Da var det nok på tide å koma med ei lita oppdatering på korleis det går med oppussinga på Kjonejordet.
2 av 3 soverom har vorte kvite, men er i skrivande stund er dei så fulle med saker og ting fra spisestua og stua at det går ikkje an å ta bileter der inne. Det kjem seinare.
Gangen har vorte sparkla og i morgon set Vidar i gang med fyrste runde pussing der inne.
I spisestua er dei lilla pyntelistene borte og halve veggen inn mot kjøkkenet har forsvunne i løpet av dagen i dag. Det er spennande når slike store ting som å fjerne ein vegg skjer. Ein kan finne ut nye ting om staden ein bur. Feks at strømledningar kjem ned i stålhylster gjennom taket OG at det er tregolv under belegget på kjøkkenet. Spennande, spennande!
I morgon er er det ein ny dag og da skal resten av veggen fjernast.....

Ljosgul farge er erstatta med sparkel.

Så blir det hol i veggen til slutt.....

Den som sager synder ikkje!

Resultatet etter fyrste dag med veggfjerning.

søndag 22. juni 2008

Oppussinga er i gang!!


Nå er vi i gang. Med det same Vidar hadde fri og det ikkje var vær til korkje seiling, klatring, sykling eller anna fysisk fostring, da kom oppussinga i gang. Listinga rundt glasa i stua har gått frå å væra myrke brune til å bli kvite. I tillegg har det eine soverommet fått ei litt meir tiltalande farge enn opprinneleg, viser til bileta for å sjekke ut farga. Det trengs eit strøk til, men det har deifinitivt vorte ei anna farge på rommet, godt!

Rosa, rett og slett!

Det byrjar å minne om kvit farge:)