torsdag 7. juli 2011

Vindfullt.

Vidar i flukt.....
Etter ei periode med litt snillare vind har det nå drege seg til igjen. Nå kan vi (eg) ikkje trene på jibben lengre. Medan eg var utpå i dag kunne Vidar observere vind frå aust, sør OG vest og alt dette innanfor ei relativt lite tidsrom. På biletet rømmer Vidar vatnet. Plutseleg bles det opp noko voldsomt og det var berre å kapitulere. Austlege vindar er lunefulle. Easty-beasty kallar dei lokale vinden når den bles frå aust. Kanaha er ikkje nokon enkel stad å vindsurfe på. Ein av dei faste gjestane (han har vore her kvar sommar i 20 år) hevdar at ein kan justere sitt eige prestasjonsnivå to hakk ned. Han har sett vindsurfeinstruktørar frå andre stadar i USA kome hit og reist igjen i pur frustrasjon etter 3 dagar. Godt å veta for meg og Vidar som har underprestert kvar dag i denne vinden, og straumen som til tider er HARD! Vi får håpe at vi har vorte betre seglarar alt i alt. Vi får sjå når vi er attende i gamlelandet. Nå nærmar det seg heimreise. Det blir rart å koma heim. Da skal eg teste ut dagens nyinnkjøp, sjå biletet under....

FiveFingers.

Show off!

Når Idunn er på cafe så er det full fart. Ho er ein ekte entertainar og til tider kan det bli i overkant mykje hoiing tykkjer foreldra. Idunn tykkjer det er heilt supert!

Ser dykk på meg nå, alle saman?

Hihihihihihihihihihihiiiiiiiii!

Idunn iført berre bleie (ikkje på restaurant) og så er spagettien servert. Det beste som fins!!!

mandag 4. juli 2011

Bading og blomar.

Det skal ikkje mangle papaya!

Svoltne? Dei ser i alle fall ikkje heilt tilfredse ut....

Orkide.

Vasstilvenninga gjev resultat. Nå spring RR ut i vatnet!

Kos i vasskanten!

Kos på land. Her er det Patti som får kosa seg litt.

Vakker solnedgang for Idunn og Besta.

Uæææææ, kor vi kosar oss!

Dei blidaste jentene på stranda!

Sand, sol og aftenstemning.

Hengestol er kult!

Dritkuuuuuuult! HUI!

Kål? Anyone?

Eselet er klart!

Kula Lavender Farm.

Granske alt nøye før vi kan gå vidare.

Har ho teke bilete av lotusstillinga til Buddha?

Hortenisaen veks vilt.

Kunne nesten tru at ein var i Provence.

Karpedammen i Kula Botanical Garden fall i smak!

Bambus.