tirsdag 31. mai 2011

BT seglar!

Idunn er spent....kor er han?

Hald fast i hatten nå kjem det vind!

Nei, eg ser han ikkje. Får konsentrere meg litt om denne trepinnen i staden.

Her kjem han. Og for dei som ikkje kjenner til denne aktiviteten så er dette veldig bra av ein fersking som har vore på vatnet i 5 dagar!

Han ser blid ut, men er eigentleg skikkeleg ilter! Drittsport!

Ikkje heilt overbevist om at prestasjonane er bra.
Derfor legg eg til ein video for å verkeleg å vise kor bra det går.

1 års bryllupsdag, Brit 36 år og Vidar 39 år!

Så hadde det gått eit år sidan vi gifta oss, og for eit år! Perfekt å feire alt dette her på Maui. Turen hit er ikkje berre pappaperm, men bryllupsreise og. Vi sto opp i går og åt som vanleg fersk mango, papaya, ananas og banan med frukostblanding og yoghurt på. BT kom og tuslande og kva hadde han med seg frå Noreg, GAVER! Vidar fekk ei bok som han alt er godt i gang med og eg fekk tidenes kopp!


Så reiste vi ned på stranda, men ikkje før vi hadde fylt kjølebagen vår med all verdas godsaker til lunsj, og ikkje minst kake. Middag vart ete på Mamas Fish House som går for å vera ein av dei betre restaurantane her på Maui. Og vi gjekk for full pakke, og full pakke var det vi fekk. Mamas diska opp med is med ljos på til båe jubilantane og jubelen sto i taket hjå Idunn.

Ahi (tunfisk) med spicy ananassaus.

Vidar storgliser over forretten sin, den var meget bra!

Utsikta frå Mamas. Uuuuut mot havet......!

To som i alle fall koser seg!

lørdag 28. mai 2011

Thomas Barbèy.

Vi var innom eit fotogalleri i Lahaina, og vi vart ganske så imponert alle saman. Har konkludert med at han er litt over gjennomsnittet flink i Photoshop! Sjekk ut linken til fotogalleriet eller sjekk ut desse to bileta her for å vurdere om du vil sjå fleire av "verka" hans.

Tja.....

Tja...!!!!

Ei oppdatering!

NÅ har det gått nokre dagar sidan sist eg la ut noko på bloggen. Det er rett og slett fordi det er så "innihampen" mykje vind at vi rekk ikkje anna enn å vera ute på vatnet. I går hadde vi pausedag og kjørte oss ein tur til Lahaina slik at BT kunne sjå den delen av øya. Her er i alle fall nokre bilete frå dei siste dagane...

Idunn i motvind i skibagen. Skibagen? Fungerer strålande for seil, bom og mast!

BT byrjer å få teken på rigging av seil. Her er han i gang med å rigge 4.0 sin.

Enkelte er betre enn andre. Jay, koreansk vindsurfeproff busett på Maui. Heimesida hans HER.

Paradegata i Lahaina. Det er her du kan hoppe på fiske-, dykke- og snorkleturar.

Litt av dagens fangst, tunfisk. Trur det må bli ein fisketur i løpet av opphaldet. Tenk å få ein sprelsk sverdfisk på kroken......

Pina Colada, det måtte berre testast og i fylgje dama på nabobordet, Lahainas beste.

lørdag 21. mai 2011

....og så kom vinden!

BT sin jomfrutur på 180 liter i går, det var ein kamp i vinden og straumen, men han imponerte!

Skulle gjerne sagt det var meg....jada, det ER meg. Jada!!!

Og dette her er frå i dag! Laksy på tur til himmels!

Vegen til enden av regnbogen.

Er dei på tur dit og?

Hookipa fekk litt vind og litt bølgjer i dag...

Vi har fått blått seil så det der ER meg!!! Jada!!!
Magiske Hookipa Beach!

Idunn har fått seg ein ny ven!

Sjukt gøy med fontene!

Og sjukt gøy med Bjørn Terje, BT!!

tirsdag 17. mai 2011

Det er storleiken det kjem an på.....

Blankt og fint, og heldigvis ikkje for dyrt. Eigar er tilfreds. Endeleg skal han plane heile dagen.

God hjelp å få frå Idunn.

Meeeeen det er ikkje alltid ho er like villig til å gje slepp på skrujernet.
Ein liten trilletur i merkeleg skog med livlaus skogbotn.
Vidar er tankefull. Kjem det meir vind nå når han har kjøpt seg større segl?

I går: Jepp, så sat vi der da. Med eit nytt segl. 5,3, stort og fint. Ikkje stort nok til å segle på måkefis, men ok storleik for meg og Vidar.
I dag: Og kva skjedde? Vinden kom sjølvsagt på FULL spikar, så nå har vi berre for store segl. Vi ynskjer oss ein 3,7. Her er nokre bilete og ein filmsnutt frå dagens bravader.



Vind så det held, folk ligg strødd!

Landinga etter eit sjukt bra triks!

søndag 15. mai 2011

Hav, skjell, mai og gull.

Vi ville gje Idunn ei lita gave på eittårsdagen. Ei gave som skal vera eit bevis på at ho har vore her på Maui. Derfor endte eg opp hjå ein lokal smykkejente som laga eit kjede til Idunn. Det er i gull med perle og blågrøn glasstein som minner om havet her, eit lite skjell som er plukka på Maui og 3 emeraldar som er steinen til mai månad. Biletet er ikkje så godt for tok det fort og gale med iphonen, men det gjev ein indikasjon på korleis det ser ut. Den lokale designeren heiter Sophie Grace.

lørdag 14. mai 2011

Gjebursdagsbading.

Jubilanten insisterte på eit langt bad i dag. Og det fekk ho. På med lang badedrakt, solbriller, solfaktor 50 OG solhatt, så er ein klar for langt bad. Det fall i smak som dykk ser. Både for mor og dotter. Det vi ikkje har teke bilete av, eller filma, var etter badinga når Idunn STORSKREIK fordi vi tok ho opp av vatnet. Kanskje like greit akkurat dèt.

Fantastisk bading på Maui.....så klart og blågrønt eit hav!

IDUNN 1 ÅR!!

Tenk det, nå er dotter vår eitt år. Lita, men likevel stor. Eg glytta litt ekstra på ho i dag tidleg der ho satt og kvitra i senga. Så utruleg klar for å ete morgongrauten sin. At Idunn blir eitt år er ekstra spesielt for meg og Vidar. Det er ikkje alle som får moglegheit til å feire eittårsdagen sin nemleg. Eg har nesten ikkje trudd på at Idunn skulle bli eitt år, men det er ho altså, i dag. Det er så utruleg flott at eg kan nesten ikkje få sagt det!

Dagen starta altså med den sedvanlege havregrauten til frukost, men etter frukosten skjedde noko som ikkje har skjedd før for Idunn. Filmstnuttane som nå kjem er nok for spesielt interesserte (bestemødre/fedre, onklar og tanter....). Men kven som helst kan nyte synet av ei kakeetande lita eittårig jente som heiter Idunn (og synginga som heldt svært høg kvalitet!).



onsdag 11. mai 2011

Dagane går utan og vinden er "låk".

 Mating av gapatrosten.
Slik har vi det under trea på Kanaha Beach. Vi ligg og sparkar i oss maten. Særleg nå om dagen. Vinden er nemleg skral. Den ligg langt ute og beveger seg berre tidvis inn til der eg liker å drive. Ikkje så alt for langt frå land. Vidar putrar seg utover og får nok litt meir att for timane på vatnet. Det vil seie, det er kanskje eg som har mest att for balansetreninga eg ufrivillig driv med nå når det er så lite vind. Nokre turar inn og ut har det nå vorte på meg og, men det er tungt å vannstarte når ein må ligge å vente på at vinden skal bli sterk nok til at kroppen blir løfta opp av vatnet. Sikkert god trening det og.

Vidar hadde ei artig oppleving i dag. Han fekk besøk av flygefisk da han var ute på vatnet. Han tykte at fuglen som flaug ved sidan av var så rar, og at den flaug så lågt. Plutseleg stupte heile fuglen seg ned i vatnet rett framfor brettet og Vidar innsåg at det rett og slett var ein flygefisk.

Det store spørsmålet nå er om det blir nytt seil på oss.....lite vind, større seil....skal, skal ikkje.....
........to be continued!!

lørdag 7. mai 2011

God start på dagen.

Nok ein gong så sender Vidar MEG ut for å sjekke ut det med yoga. Pliktoppfyllande som eg er så sto eg opp tidleg, drog på meg yoga drakta (den er rå!), og pila bort til Studio Maui. Ein kan seie kva ein vil om denne yogagreia. At det er ein typisk in-sport, og at det berre er for sære veganarar, at ein ikkje treng akkurat det der i livet sitt. Det eg har kome fram til er at KROPPEN HAR SÅ GODT AV DET!! Forstår eigentleg ikkje kvifor eg ikkje gjer det oftare. Randi Rust, du kan førebu deg på eit besøk på Studio Maui når du kjem ned hit. Bjørn Terje, du også!!

Hadde på den store linsa så fekk ikkje plass til føtene.

Maui Ocean Center.

Kva gjer ein på ein dag med dårleg vind? Jau, Maui Ocean Center er staden! Dette akvariet er heilt fantastisk og til like stor glede for både liten og stor.  Ein gamal ringrev av ein dykkar (Vidar) kosa seg i alle fall, og briljerte med å kunne navn på dei aller fleste av dei fargerike fiskane.

For ei lykke å stå her!

Idunn veit ikkje heilt kven av desse fargerike skapningane ho skal fylgje med.

Ser fram til ein snorkletur nå. Alle desse fiskane fins på reva rundt Maui.

Dette kunne vore kakepynt.....?

Blacktip reef shark.

Stingray, eller rokke på norsk.

Dagens raraste fisk!

Regn, regn, regn.

I natt vakna Vidar av regnet, til tross for at øyro var stappa fulle av øyreproppar. Og ja, det er kraftig intensitet på regnet som kjem her. Har prøvd å filme ei skur. Denne var ikkje av dei kraftigaste, men litt heftigare enn det eg er van med frå Skjåk i alle fall. Regn er dårleg for stabil og god vind så det var mykje diskusjon i dag tidleg på kva vi skulle gjera i dag. Ut på brettet, eller ikkje? Vi valte å la det ligge. Det viste seg å vera eit fornuftig val. I staden vart det tur til Maui Ocean Center. Det kjem bileter frå der om nokre få straksar, men fyrst REGN!

torsdag 5. mai 2011

Lanai.

Lanai er det Hawaiiske navnet på veranda eller balkong etter det eg kan forstå, og her er vi på lanaien vår. Den er ganske så triveleg og det er skikkeleg fin utsikt. I kveld var det ein behageleg bris frå aust. Nabolaget her er roleg. Nokre hundar som bjeffar ein gong iblant og nokre hanar som kykelikyar ved soloppgang. Vi fann huset her på craigslist. Dette er ein mykje brukt nettstad for å leie/kjøpe det meste. Etter vurderingar og anbefalingar frå andre som har vore her på Maui ville vi vente med å finne hus. Det kan vera greit å sjå det ein skal leige. Det blir arbeidsomt i byrjinga og ein treng telefon. Ja, for eg har fått meg amerikansk mobil! Heile 9 dollar måtte eg ut med for mobilen. Amerikansk nummer og greier. Opplegget er ein slags kontantkorttelefon. Verkeleg genialt og slett ikkje dyrt. Må faktisk henge i skal eg greie å ringe opp dei 12 dollarane som eg fylte på kortet. Men altså, her er lanaien vår:

onsdag 4. mai 2011

Mykje bading på Maui....

Idunn kosar seg stort i vatnet. Vi passar på at ho får seg ein tur, minst,  i våtdrakta si kvar dag. Det kan nok vera lurt å ta med ei våtdrakt til dei minste ungane viss ein vurderar tur hit. Det ikkje er KOKvarmt i vatnet. Sidan stranda er kjent for vinden sin er det ofte nokså friskt når ein kjem opp av vatnet og. Men det er i alle fall ei sone på stranda som er satt av for bading. Berre sjekk biletet.

Bort, vekk med ALT utstyr. ITS THE LAW!!

Friskt!

Meir ekte badeglede, på begge.....