Viser innlegg med etiketten Besøk av..... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Besøk av..... Vis alle innlegg

fredag 26. desember 2008

Juletrening for små og store.


Rett før jul inviterte eg og Vidar til ei lita stresspause frå alt julekaoset. Det vart servert både gløgg, pepperkaker og marsipan. Vi følte at det var viktig med litt trening til jul. Viktigaste treninga fekk nok smårollingane. Mykje sukker og seint i seng, fint å ha med seg inn i julehøgtida. Slik at dei veit kva dei går til, både ungar og foreldre....

Sindre har fått auge på eitt eller anna, stilongsen sin?

Hæ?? Skal eg i seng alt nå??

Thea Marie i gang med eit lite pek.
For oss som kjenner faren, det fjeset der har vi sett før!!!
Sindre og mamma Heidi!

Hannah får snart tak, pass på Sindre....!

Jammen kom nettaste nissejenta på besøk!

søndag 7. september 2008

Epletreklatrande sjonglørar på besøk!



I dag kom Øyvind og BT innom ein tur for å plukke litt epler og plommer. Genialt, for nå byrjer det å bli i overkant mykje modne frukter her på Kjonejordet. Ein blir litt rar i magen av så mykje frukt for å si det slik. I morgon må eg ha ei runde med sylting av plommer. Nå når eg har frukttre så bør eg nytte meg av dei godene og ordne med eit lite lager til vinteren.
Etter fruktplukkinga vart det tid til litt sjonglering og.....klatring på Megaløkenhavna!

søndag 15. juni 2008

Blide jenter på besøk!

I helga har Mia og Lea vore på besøk i Oslo saman med foreldra Frode (bror til Vidar) og Mette. Hovudgjeremålet for Lea var å sjekke ut kva til farge slottet har. Det er nemleg slik at slott er rosa på farge, utan unntak. Ho hadde sjølvsagt inngått veddemål om at slottet var rosa.
Det var vanskeleg å få auge på slottet når vi sto nede ved Stortinget. Ikkje så rart når ein går og ser etter noko rosa. Etter å ha prata med vaktene til kongen, og konstantert at slottet faktisk var gult, spaserte vi i retning Akerselva og Mekka med innlagt ispause på Karl Johan.

I dag, sundag, har været vore dårleg det meste av dagen. Da er det bra at det fins innandørs klatreveggar. Heile gjengen reiste til klatreverket for å teste fingerstyrken. Mia imponerte STORT med å klatre fleire ruter heilt til topps og Lea vart heilt rå på buldreproblemet ved elefanten og frosken. Frode kjem nok til å kjenne det litt i underarmane han og vil eg tru..... Som avslutning på helga reiste vi ut til Pannekakehuset på Bærumsverk, NAM!

Mia tester hengestolen.

Lea vart heilt vill av huskinga, bra stol!

Genialt å huske onkel Vidar i kokongen, eller var det hengekøye....

Mia traff ein hyggeleg kar på Karl Johans gate.

Slottet er gult og skorne til vakta blanke!

Lea poserer med tunga ute.