Viser innlegg med etiketten Vindsurfing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vindsurfing. Vis alle innlegg

torsdag 7. juli 2011

Vindfullt.

Vidar i flukt.....
Etter ei periode med litt snillare vind har det nå drege seg til igjen. Nå kan vi (eg) ikkje trene på jibben lengre. Medan eg var utpå i dag kunne Vidar observere vind frå aust, sør OG vest og alt dette innanfor ei relativt lite tidsrom. På biletet rømmer Vidar vatnet. Plutseleg bles det opp noko voldsomt og det var berre å kapitulere. Austlege vindar er lunefulle. Easty-beasty kallar dei lokale vinden når den bles frå aust. Kanaha er ikkje nokon enkel stad å vindsurfe på. Ein av dei faste gjestane (han har vore her kvar sommar i 20 år) hevdar at ein kan justere sitt eige prestasjonsnivå to hakk ned. Han har sett vindsurfeinstruktørar frå andre stadar i USA kome hit og reist igjen i pur frustrasjon etter 3 dagar. Godt å veta for meg og Vidar som har underprestert kvar dag i denne vinden, og straumen som til tider er HARD! Vi får håpe at vi har vorte betre seglarar alt i alt. Vi får sjå når vi er attende i gamlelandet. Nå nærmar det seg heimreise. Det blir rart å koma heim. Da skal eg teste ut dagens nyinnkjøp, sjå biletet under....

FiveFingers.

tirsdag 31. mai 2011

BT seglar!

Idunn er spent....kor er han?

Hald fast i hatten nå kjem det vind!

Nei, eg ser han ikkje. Får konsentrere meg litt om denne trepinnen i staden.

Her kjem han. Og for dei som ikkje kjenner til denne aktiviteten så er dette veldig bra av ein fersking som har vore på vatnet i 5 dagar!

Han ser blid ut, men er eigentleg skikkeleg ilter! Drittsport!

Ikkje heilt overbevist om at prestasjonane er bra.
Derfor legg eg til ein video for å verkeleg å vise kor bra det går.

lørdag 28. mai 2011

Ei oppdatering!

NÅ har det gått nokre dagar sidan sist eg la ut noko på bloggen. Det er rett og slett fordi det er så "innihampen" mykje vind at vi rekk ikkje anna enn å vera ute på vatnet. I går hadde vi pausedag og kjørte oss ein tur til Lahaina slik at BT kunne sjå den delen av øya. Her er i alle fall nokre bilete frå dei siste dagane...

Idunn i motvind i skibagen. Skibagen? Fungerer strålande for seil, bom og mast!

BT byrjer å få teken på rigging av seil. Her er han i gang med å rigge 4.0 sin.

Enkelte er betre enn andre. Jay, koreansk vindsurfeproff busett på Maui. Heimesida hans HER.

Paradegata i Lahaina. Det er her du kan hoppe på fiske-, dykke- og snorkleturar.

Litt av dagens fangst, tunfisk. Trur det må bli ein fisketur i løpet av opphaldet. Tenk å få ein sprelsk sverdfisk på kroken......

Pina Colada, det måtte berre testast og i fylgje dama på nabobordet, Lahainas beste.

lørdag 21. mai 2011

....og så kom vinden!

BT sin jomfrutur på 180 liter i går, det var ein kamp i vinden og straumen, men han imponerte!

Skulle gjerne sagt det var meg....jada, det ER meg. Jada!!!

Og dette her er frå i dag! Laksy på tur til himmels!

Vegen til enden av regnbogen.

Er dei på tur dit og?

Hookipa fekk litt vind og litt bølgjer i dag...

Vi har fått blått seil så det der ER meg!!! Jada!!!
Magiske Hookipa Beach!

søndag 1. mai 2011

Så fekk vi da testa bretta våre.....

Vidar putrer seg utover.
Standa vi driv med vindsurfinga frå er Kanaha Beach.  Det er ei superlang strand som er delt i to når det kjem til aktivitetar. I den eine enden driv kiterane, og i den andre vindssurfarane. Det er fullt av fargerike segl og dragar ute på vatnet, men det er meir enn nok plass til alle. Nå gler eg meg mest til eg byrjer å lære det nye brettet mitt. Eg har gått ned 35 liter, noko som er ganske mykje. Det let seg merke i at eg for det meste ligg i det blaute element og prøvar endre saliniteten i kroppen min ved å svelge saltvatn. Reknar med at det skal gå seg til, eg har tross alt 3 månader på meg. Dei siste dagane har vore litt opp og ned på vinden, men frå mandag skal vinden ta seg opp igjen. Det er bra!

Ellers så har vi vore litt rundt på øya. Det kjem bilete frå det om ikkje så lenge. I morgon er det flytting som står for tur. Da skal vi inn i 1074 Haiku Road. DET trur eg blir bra! Vi har og levert inn den feite Dodgen, og fått ein 95 modell Toyota stasjonsvogn. Den står litt betre til oss trur eg.

More to come.....

Idunn fekk seg raskt ein leikekamerat, Alessandro halvt portugisisk og italiensk. Han er ein dag ynger enn Idunn.

Hardt arbeid!


Og rett i kvitvatnet.

Kjøre utover....



....og inn igjen.
 

mandag 10. august 2009

Neste stopp: Hvide Sande, Danmark.

Ja, kvar gjekk turen Vidar? Det var berre å sjekke Windguru. Vindmeldingane i Hvide Sande i Danmark var lovande og billett over Skagerak til Hirtshals vart bestilt i ein fei. Ein rask telefon til Erik og Heidi i Skien, og vips så var dei med på turen og. I baggasjen hadde dei med seg 15 mnd gamle Fredrik som vart mitt store favorittfotoobjekt i Danmark. For ein fantastisk sjarmør!!
Erik og Heidi var mine fallskjerminstruktørar i 2005, medan Vidar kjenner dei frå både jobb og studiar i Bø. Ja, og så fallskjermmiljøet da. Her er eit lite bilete frå den gongen. Sindre Frigstad har teke biletet!


Vind vart det. I alle fall eit par dagar. Det vart nok vind til at armar og rygg var meir enn mørbanka. Rett og slett sårt vart det. Ikkje nok med at vi fekk med oss Erik, Heidi og Fredrik på tur, men Hilde og Ingrid frå Hemsedal var og på ferie i Hvide Sande. På toppen av dette dukka det hyggelege paret Marit og Bjørnar samt dotter deira Lisa opp. Dei vart vi kjent med i bryllupet til Kathrine og Espen. Det vart med andre ord ein ganske så stor norsk vindsurfingskoloni etter kvart. Her er nokre bilete, og som sagt, det er eit par av Fredrik.

Mykje deilig sand!

Hæ?

What? Får eg ikkje lov?

Hilde og Ingrid!


Hoppetussa!!

Hei du! Hjelp meg oppi da!!

Kom igjen, bli med og hopp, enten du vil eller ikkje!

Sjukt irriterande å ikkje kome lenger opp i denne sklia!

Skeptisk Erik?

Like skeptisk Heidi?

Maks kos!

Vidar meinte han såg litt femi ut her, men eg tykte han var fin eg.

Vidar på utsida i bølgene. God bølgedag!

I am a lonesome....cowboy? Nei, barnevogntrillar var det.

Nesten sovna, men det bles så mykje sand inn i vogna mi!

mandag 18. mai 2009

Mykje vind på Larkollen.

Kaja, veldig klar og veldig blid!

Vidar på veg inn....

Brit på veg ut....

lørdag 19. juli 2008

Brit på brettet!

Fekk to fine dagar på Larkollen denne veka her. Jammen vart det bileter av meg og for ein gongs skuld. Må innrømme at etter desse to dagane var det heilt greit med ei lita pause.
Turen har nå gått til Skjåk og Landsfestivalen i Gamaldans som blir arrangert denne helga. Det er mi kjære mor som er festivalsjef så da er det berre å stille opp som frivillig.....under tvang.