mandag 27. april 2015

Gratulerer, Åsa!

Tradisjon tru så feirar vi eittåringen vår på Maui med sjokolademuffin. Sist gong var den 13. mai 2011(berre sjå i bloggarkivet). Det var ikkje mindre stas denne gongen og jubilanten av året åt nok litt(!!) meir kake enn jubilanten i 2011. Det dei hadde til felles var at dei grisa like mykje. Dagen vart feira på Baby Beach (sjølvsagt) og bading var nok den beste gava Åsa kunne få. Det var hyling og pur glede under heile strandbesøket. I kveld fekk eittåringen is som ho handerte heilt på eiga hand og da måtte det sjølvsagt badast ein gong til....gratulerer kjære Åsa vår!!!

Sjokolademuffinsmuler!

Eitt år og stor jente!




lørdag 18. april 2015

Slik går no dagan....

Kom bli med veslesyster!! Bade!!

Idunn snorkler og Vidar observerer.

Kvar vart det av dei??

Besta, kom inn da! Det er mygg ute der! 




søndag 12. april 2015

Vulkan og lava...

Heldigvis ikkje ein aktiv vulkan, men det er ikkje så lenge sidan det var utbrot. Det er i alle fall ikkje vanskeleg å få auge på det størkna lavaen. Den ligg som ei svart kappe over landskapet. Idunn var heilt vill over å få gå i lava!!

Svart lavaelv ved La Perouse Bay.

Sti i lava. Idunn var veldig ivrig!

Innimellom lavaen er det kvite strender og små basseng med fargerike fisker.

Alle mann (damer)






onsdag 1. april 2015

Opp tidleg....


Klokka 5 sto vi opp. Idunn spratt ut av senga og var klar på direkten. Vi andre rista av oss litt søvn, drakk ein kaffe og gjekk ut i bilen for å køyre til Maalea. Det var klart for kvalsafari i soloppgang. Vi hadde bestilt billettar på førehand hjå pacific whale foundation. Klokka 06.30 gjekk vi ombord i båten og etter eit par hundre meter (!) kunne vi sjå dei fyrste kvalane, mor med unge/kalv. Vi vart ikkje skuffa med andre ord....

Kose ei kokospalme medan vi ventar.

Vidar speider etter knølkval, eller humpback whale som dei heiter på engelsk.

Nokon sjekkar kamerautstyret, medan andre er meir opptekne av kjeks.

Eit av bileta eg tok med kameraet i dag. I bakgrunnen svir dei sukkerrør.

Til middag vart det Mahimahi poke. Mahimahi kan de lese om her: http://www.hawaii-seafood.org/wild-hawaii-fish/other-ocean-species/mahimahi/






torsdag 26. mars 2015

Kval både her og der....

Vi ser kval kvar einaste dag. Eller, i alle fall sprutinga. Og som oftast hoppar dei ut av vatnet slik at vi kan sjå dei mørke kroppane langt der ute. Særleg på morgenkvisten er det fint å observere kolossane. Da er det lite vind og roleg vatn. Vidar har gjort det til ein vane å tusle ned på stranda med kaffekoppen ved soloppgang. I dag fekk han fylgje av Idunn. Dei var gira begge to når dei kom inn igjen. Dei hadde sett skilpadde, ei babyskilpadde. Det har vore lite vind i 2 dagar nå. Det har vore bra for Idunn og Åsa. Dei har fått roa skikkeleg ned. Og Idunn har fått bada, mykje! Ja, vi ser kval da og, i bassenget altså....

Kvaltur? 

Bassenget der vi bur, luksus!

Og enkelte andre gjer framsteg på "reisesegoppfronten"....




søndag 22. mars 2015

Over til den andre sida av øya.

På flyttefot i dag. Klokka halv ti vart bilen pakka og klar for ny bustad. Men fyrst så måtte vi bortom Kanaha beach og sjekke vinden. Og jada, i dag var det vind. Både eg og Vidar fleire timar utpå vatnet. Idunn og. Ho har fått låne eit boogie board av Patty og det er så gøy!! Halv fem kom vi oss endeleg over til Kihei og fann plassen vi skal bu. Trur samtlege gliste fra øre til øre. Snakk om bra plass! Badebasseng og boblebad, og 300 meter til stranda. 

Lykke på "ny" strand! 

fredag 20. mars 2015

Deja vu!


I dag kom vinden og dermed gjekk turen til Kanaha beach. Det var merkeleg å koma dit. Sist vi var her på Maui så var vi 75 dagar nede på denne stranda for å vindsurfe. Og kva er det vi ser når vi går ut av bilen. Dei same menneska som for 4 år sidan. Ein liten haug med kjenningar. Og ikkje minst Patty som var så glad i Idunn. Det heile var svært så stas. 
Vindretningen i dag var nordleg. Det er ikkje optimalt og forholda blir ofte vanskelege. Vidar greidde likevel ikkje å halde seg. Nå ligg han rett ut på sofaen og himler med augene, men han har eit salig smil om munnen....
Idunn hadde og ein stor dag i dag. Ho hyla av pur glede og adrenalin i 40 min medan ho sprang inn og ut med bølgjene. Åsa kosa seg på pleddet og prøvde rømme ut på graset så fort ho fekk sjansa. Eg for min del gløymde å smørje meg med solkrem og er varm både her og der. Dagens solnedgangstur for Idunn og Vidar baud på skilpaddeobservasjon. Mange store opplevingar og inntrykk på ein dag for ei lita ei på snart 5 år. Ho slokna fort i kveld....

Pause på plenen, i lé for vinden.

Einsleg på stranda, knall!!