tirsdag 28. april 2009

Så var klatresesongen i gang.


Fort og gale vart planen om tur opp til Hemsedal omgjort og i staden vart det helg heime på Kolsås. Fantastisk vårvær gjorde sitt til at vi endte opp oppe på Øvre Sydstup på Kolsåstoppen. Her er det litt av kvart å ta bilete av, klatrarar, både rosa og vanlege, og blåveis. Langs råket opp til toppen tyt blåveisen fram overalt! Det ER vår!

Vanleg klatrar

Rosa klatrar

Kvist og klatrar

Meire kvist. Eit resultat av epletremishandling.
Vi veit enda ikkje om trea overlev øksemassakeren (sagemassakeren).

Blåveisen

Den flottaste skituren?

Turen til Blåbretind var heilt fantasisk! Eg var sliten og tung i beina på min 6. topptur i påska, men til tross for det så var turen intet mindre enn heilt fantastisk. For å lese om turen så gå inn på friflyt og artikkelen som heiter 4 årstider. Der har Simen skreve ein fyldig rapport om opplevinga, og ikkje minst, lagt ut mange bilete. Her er dei bileta som eg tok:

Snart klare.....igjen!

500 høgdemeter med skibæring, varmt og godt!

Heilt greitt å vera på tur når det ser slik ut.

Skating all the way to the top!

Vidar har endeleg fått på seg skia.

Fortoppen til Blåbretind.

Fancy lady!

Trur Helge kosa seg litt på turen....

Ingen bilete frå skikjøringa sjølvsagt....her er vi ferdig kjørt og veldig tilfredse!

Bø!

Hjørundfjorden i sikte!

Kom igjen da Høie, av med skjorta!

Anders, for ein gongs skuld, ikkje kledd i rosa.

Skiparken i Trandal

Grøn mann, Simen Berg.

Sliten og svolten?

I land etter båtturen. Gorm gliser nesten heilt rundt!

Kvar er taxien, langt å gå?

Randers topp

mandag 27. april 2009

Kvitegga

Kvitegga er ei av 3 Kvitegger i Strandaområdet. Nordhellinga på denne toppen har Eli sett på i lengre tid og dette var dagens store prosjekt. Det vart vellukka!

Klare igjen!

Etter at Jan Thomas gjekk gjennom garderoba
til Anders har det vorte svong på sakene.....


Lykkelig Line over gul sitteplate?

Ikkje heilt tilfreds med fargevalet i dag??

Flottings!

Ljosspel over fjell og fjord.

Helge nyt i fulle drag!

Samla gjeng eller mange enkelte på tur?

Toppen, kvit og fin Kvitegga!

søndag 26. april 2009

Skopphornet

Etter nokre dagar i Skjåk og Jotunheimen gjekk turen over til Stranda og Sunnmørsalpane. Fyrste topp ut er Skopphornet. Flott fjell med både flott renne og flott flanke. I alle fall for dei som har 2 ski å køyre ned på....

Anders og Tore på barmarkstrening.

Studerer renna som skal kjørast.

Og her er den, renna.

Eli tusler seg bortover.

Eli, Tom og Kjetil.

Eli prøver å sjå ned i renna....

Øyvind er klar som ei/eit/ein....?

Alle (utanom Vidar) er blide og tilfredse...

Skagsnebb (2003 moh)

Vi fekk oss to turar opp på Skagsnebb etter at vi gjekk på Moldurhø palmelaurdag (film frå den turen kjem forhåpentlegvis seinare når Vidar har lært seg å redigere). Været var ikkje det beste, men føret var heilt fantastisk. Snøen var nemleg tørr og fin heile vegen ned til bilen som sto parkert nede i Leirdalen. Den eine dagen var det meg, Vidar og Torleif som var på tur, medan den andre dagen fekk vi 3 fylgje av brødrene Bråten, Gaute Aaboen og Tom.

På med feller og pannebånd, Gaute er klar!

Robert

Fremre Skagsnebb (2003 moh).

Hurrbrean og Veslfjelltinden (2175 moh).Her blir det bra ned igjen....

Utsikt frå bandet mellom fremre og bakre Skagsnebb.
Storebjørn heilt til venstre, Sokse, Skeie, Kniven og store Smørstabbtind.

tirsdag 14. april 2009

Frå topp til topp...


Så snart eg har fått satt meg ned og gått gjennom bilda frå årets påskehendingar så skal eg slenge dei ut på bloggen her. Det er sjølvsagt ein heil del å gå gjennom, men det skal skje på eit tidspunkt om ikkje så alt for lenge, håpar eg. For ikkje skiinteresserte kan det kanskje bli litt kjedeleg i lengda for det dreier seg om mykje skigåing. Vidar fann ut, på bilturen heim til Kolsås, at vi hadde gått omlag 7000 høgdemeter i løpet av påska. Av toppar vi har besøkt i påska kan eg nevne Moldurhøi, Skagsnebb (x2), Skopphornet, Kvitegga og Blåbretind. Biletet viser utsikta når ein kjem inn på Hurrbreen, Veslfjelltinden.