fredag 19. november 2010

Eit heilt, halvt år!

Blid og tilfreds etter ein solid porsjon graut. Idunn er ein ekte grautgrams, nesten som onkel Jo.
Gyngeelg er fint å ha!
På halvårsdagen gjekk turen frå Skjåk til Hemsedal. Klar for avreise her.  

Kulturkuke tulkuruke ultkuruke ukturu....

KulturEndre.
Oldemor, Borghild, Besta og Idunn i interessant dialog.
Mamma takkar!
Mamma og kulturstipendmottakaren Trond Bersu.
Trond imponerte meg med trommespelinga si!! Sjekk ut Pelbo for å høyre!   


Førre helg var eg heime i Skjåk av ein spesiell grunn. Nemleg kulturkvelden i regi av Skjåk kommune. Der skulle nemleg årets kulturpris utdelast. I år var det mamma som skulle få den. Tenk det, mamma mi skulle stå på scena å få heder og ære for sin innsats for folkedans og folkemusikk! Nå skulle mamma mi få att i form av diplom og trampeklapp (og ein liten pengesum)  for den innsatsen ho legg ned for dei tinga ho brenn for. Eg og Idunn pynta oss og reiste i veg på kulturkveld. Vi vart ikkje skuffa. Det vart ein storslagen aften!

mandag 8. november 2010

Hausttur til Stavanger.

 Hausttur saman med Ingrid og Kari til Stavanger for å besøke Ingvill.

 Godvær.

 Sjekk! Kari har oppdaga eit eller anna.....

 Stavanger by imponerte, vakkert!

 Eg har også oppdaga noko....

 ....verdas finaste julebutikk!

 Kari har rappa Jakop fra Ingrid...

Kor er eg nå?

Kafejøgler!  
 Potte eller stol? Stol!
 Julie i gulepysjen.

Noah og Spiderman, spiderman.....

 Kos på golvet. Ingvill og Idunn fann definitivt tonen!

Vel heime tok eg og Idunn oss ein trilletur.
Stien var litt dårlegare enn eg hadde tenkt. 
Resultatet var at eg meir eller mindre bar vogna i 2 timar, 
god trening om ikkje anna......

Beverkanin.

Jepp, bortover her, så skal eg fange den.....
......der har eg deg! Sjå onkel Jo, eg fanga beverkanina!!
Kor beverkanina blei av??
I know nothing.......

mandag 1. november 2010

Sundagstur til Nygård i Bærumsmarka.

 Smask!
 Idunn, pappa og elg.

Digg å vera ute på tur! Ein blir så blid.