mandag 27. april 2015
Gratulerer, Åsa!
Tradisjon tru så feirar vi eittåringen vår på Maui med sjokolademuffin. Sist gong var den 13. mai 2011(berre sjå i bloggarkivet). Det var ikkje mindre stas denne gongen og jubilanten av året åt nok litt(!!) meir kake enn jubilanten i 2011. Det dei hadde til felles var at dei grisa like mykje. Dagen vart feira på Baby Beach (sjølvsagt) og bading var nok den beste gava Åsa kunne få. Det var hyling og pur glede under heile strandbesøket. I kveld fekk eittåringen is som ho handerte heilt på eiga hand og da måtte det sjølvsagt badast ein gong til....gratulerer kjære Åsa vår!!!
lørdag 18. april 2015
søndag 12. april 2015
Vulkan og lava...
Heldigvis ikkje ein aktiv vulkan, men det er ikkje så lenge sidan det var utbrot. Det er i alle fall ikkje vanskeleg å få auge på det størkna lavaen. Den ligg som ei svart kappe over landskapet. Idunn var heilt vill over å få gå i lava!!
onsdag 1. april 2015
Opp tidleg....
Vidar speider etter knølkval, eller humpback whale som dei heiter på engelsk.
Nokon sjekkar kamerautstyret, medan andre er meir opptekne av kjeks.
Eit av bileta eg tok med kameraet i dag. I bakgrunnen svir dei sukkerrør.
Til middag vart det Mahimahi poke. Mahimahi kan de lese om her: http://www.hawaii-seafood.org/wild-hawaii-fish/other-ocean-species/mahimahi/
Abonner på:
Innlegg (Atom)