søndag 31. august 2008

Kjonejordet 8 i slutten av august.


Her er nokre bilete frå både ute og inne. Berre for å vise korleis det ser ut her nå. Det går sakte med oppussinga. Jobb og sykling krev sitt av energien til oss to som bur her. Det blir ikkje att så mykje energi til pussing. Men tankane og ideane for korleis det skal sjå ut her når det er ferdig er under stadig fornying og utbetring. Ute modnes plommer og epler....

Alle overskap og fliser er borte. I dag skal det sparkles!



Støttekontruksjonar for at ikkje plommetreet skal gå i kne.

Snart søte og gode.....?

mandag 25. august 2008

Sopptur, indisk mat og operahus.

Mamma og Varga kom på besøk i helga og det vart tid til litt av kvart. Vi fekk oss ein sopptur i bratt og delvis blautt lende i Lommedalen. Det var heller dårleg med sopp i korga.
Sundag reiste vi inn til byen for å nyte eit betre måltid på Mister India. Maten var strålande og eg trur mamma var tilfreds med sitt nye bekjenskap på matfronten, den indisk maten. Etterpå vart det tid til ei lita runde bortom operahuset.

Ei svært skeptisk Varga......skumle ulvestatuar på Bærums Verk

Her manglar berre den raude hetta!

Kven lurar rundt i skogen?

Plukke den? Nææææ....trur ikkje det.

Betre med indisk mat enn med fluesopp!

Utsikt til operaen.

Speedo Gonzales!

Mamma sjølvportrett.

søndag 17. august 2008

Ferdigmala stue!


Det er faktisk ei lita stund sidan vi vart ferdige med malinga, men har ikkje fått lagt ut bilda før nå. Peisen står det att ein del arbeid på. Sluttresultatet, slik den nåverande planen for peisen er, skal bli grå og svart. Det står att å sjå om det er slik det blir til slutt. Oppussingsplanen er under stadige utbetringar....

lørdag 16. august 2008

Inspeksjon i Trysil

I Trysil bur Mari og Ingrid, eller Ingrid og Mari om du vil. Dei er tvillingar og bur her saman med foreldra sine, Ingvild og Sondre. Det var to småskeptiske jenter som møtte opp i døropninga, men dei var ikkje skeptiske så lenge. Fotografering av hender er nemleg svært moro, og det krev stor konsentrasjon og fokus, både for modellar og fotograf......




08.08.08

Trioen Habberstad, Laksy og Haugen reiste frå Oslo tidleg om morgonen fredag den 8. august. På ein rasteplass mellom Røros og Glåmos var det klart for eit aldri så lite klesskift.....

Eg og du Therese, eg og du! Ja , Terje, eg og du!

Bror og far til brura. Dei er ikkje så ulike dei to her. Ein ser at dei er i slekt for å si det slik!

Ikkje så ulike desse to heller. Jørn og Sindre. Ein av dei sovna i kyrkja....gjett kven?

Ivrig fotografering!

Kom igjen Terje, nå skal vi i veg!

Og her kjem dei roande inn til mottakinga ved naustet.

Stramme karar!

Middagen var super, vertskapet fantastisk, vinen perfekt tilpassa maten, kakene enorme, talane gode, musikken råbra og konjakken sterk. Alt som høyrer til i eit svært vellukka bryllup! Tusen takk for at vi fekk koma!

Her er eit bilete frå litt utpå kvelden når Vidar prøver å trylle ryggen til Øyvind heilt god igjen!

torsdag 14. august 2008

Therese + Terje!

08.08.08 kom det eit høgt og klart JA frå begge to i Glåmos kyrkje ikkje så langt frå Røros. Vi var der og det vart eit fantastisk flott bryllup! Kjem attende med fleire bilete når eg får satt meg ned og ordna dei. Til så lengje får dykk kose dykk med dette. Therese og Terje med vesle Johannes på armen.

torsdag 7. august 2008

Grønne frukter

Grønne enn så lenge! Det kjem til å bli ein del plommer og epler ein gong utpå hausten. Eg ser fram til det. Når eg var lita tenkte eg at ein gong, når eg vart stor, skulle eg ha ein hage med frukttre i. Det har eg nå. I overkant mykje ser det ut til. Det er så ille at eg må til å lage stillas for å halde oppe plommetreet som er tungt av plommer.