fredag 20. mars 2015

Deja vu!


I dag kom vinden og dermed gjekk turen til Kanaha beach. Det var merkeleg å koma dit. Sist vi var her på Maui så var vi 75 dagar nede på denne stranda for å vindsurfe. Og kva er det vi ser når vi går ut av bilen. Dei same menneska som for 4 år sidan. Ein liten haug med kjenningar. Og ikkje minst Patty som var så glad i Idunn. Det heile var svært så stas. 
Vindretningen i dag var nordleg. Det er ikkje optimalt og forholda blir ofte vanskelege. Vidar greidde likevel ikkje å halde seg. Nå ligg han rett ut på sofaen og himler med augene, men han har eit salig smil om munnen....
Idunn hadde og ein stor dag i dag. Ho hyla av pur glede og adrenalin i 40 min medan ho sprang inn og ut med bølgjene. Åsa kosa seg på pleddet og prøvde rømme ut på graset så fort ho fekk sjansa. Eg for min del gløymde å smørje meg med solkrem og er varm både her og der. Dagens solnedgangstur for Idunn og Vidar baud på skilpaddeobservasjon. Mange store opplevingar og inntrykk på ein dag for ei lita ei på snart 5 år. Ho slokna fort i kveld....

Pause på plenen, i lé for vinden.

Einsleg på stranda, knall!!


1 kommentar: