lørdag 4. oktober 2008

Hausten.....

...er her. Kald, klar luft og flotte fargar overalt i naturen. I skrivande stund sit eg i Skjåk. Her er det nysnø langt nedover fjellsida. Det kvite er ein vakker kontrast til dei guloransjraude fargane. Det har kome nysnø dit pappa skal og. Pappa sin aller siste fjelltur. Saman med meg, Jo og den vesle halvbroren vår Alexander. Det blir ikkje før til våren når det meste av snøen har smelta, Geitblomen blomstrar og vårvatnet sildrar og renn. Da skal pappa inn i fjellet ein gong for alle. Eg trur han hadde likt det.

2 kommentarer:

  1. Det hadde han sikkert likt ja. Fine høst-bilder. Vet eg har sagt det før, men: Tenker på deg :)

    SvarSlett
  2. Tenkjer på deg og på dei rundt deg. Pappa'n din hadde nok vore veldig enig i valget de har gjort! Take care :-)

    SvarSlett