mandag 2. mars 2009

Is, is, is

Når folkemengdene i bakken er for store og kulda setter inn, da tusler Brit og Vidar, og eventuelt andre interesserte, bort til ein eller annan foss for å teste dei nye isøksene som Vidar har investert i. Budsjettet for friluftsartiklar er nemleg botnlaust hjå Laksy/Haugen. Ein kan kritisere eit slik grenselaust forbruk så mykje ein vil, men for oss er det heilt naturleg å gjera det på denne måten. Vi lev berre ein gong og kvifor skal vi da gå glipp av alt som er gøy berre på grunn av at ein ikkje investerer i nødvendig utstyr? Nei, det er berre å late att augene, dra kortet, slå koden og leve i nuet! Hurra!

Ingrid har sagt at når ho byrjer på skulen så skal ho byrje å klatre is.

2 kommentarer:

  1. Pass berre på at dykk ikkje endar opp i Luksusfellen på TV3... Flau serie!

    SvarSlett
  2. Hehe, har ikkje tv, så er lykkeleg uvitande om kva det programmet dreier seg om. Det er dessutan ikkje luksus det der vi driv med...det er nødvendig ;)

    SvarSlett