
Så snart eg har fått satt meg ned og gått gjennom bilda frå årets påskehendingar så skal eg slenge dei ut på bloggen her. Det er sjølvsagt ein heil del å gå gjennom, men det skal skje på eit tidspunkt om ikkje så alt for lenge, håpar eg. For ikkje skiinteresserte kan det kanskje bli litt kjedeleg i lengda for det dreier seg om mykje skigåing. Vidar fann ut, på bilturen heim til Kolsås, at vi hadde gått omlag 7000 høgdemeter i løpet av påska. Av toppar vi har besøkt i påska kan eg nevne Moldurhøi, Skagsnebb (x2), Skopphornet, Kvitegga og Blåbretind. Biletet viser utsikta når ein kjem inn på Hurrbreen, Veslfjelltinden.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar