tirsdag 12. oktober 2010

Haustferie i Fontainebleau.

Fontainebleau, rett sør for Paris, er eit fantastisk område for buldring. Eit enormt skogsområde med store steinar som skapt for å klyve på. Ta eit fly ned til Orly Airport sør for Paris og da er det rundt 50 km ned til dette buldreparadiset. Vi ordna oss med leiebil og ein "gite" gjennom Gites de France. Leilegheita (giten) låg i Bourron Marlotte heilt sør i skogsområdet. Perfekt utgangspunkt for fleire av buldrefelta som vi besøkte. Dessutan vart det sjølvsagt ei veke med store mengder franske bakervarer, ostar og vinar. I tillegg var været ganske så bra. Temperaturar rundt 22 grader og lite regn. Det blir ikkje siste gongen vi gjer dette her nei.....

Idunn er klar for sin fyrste utanlandstur, superklar!

Ei natt på hotell i kunsterlandsbyen Barbizon før vi fløtte inn i "giten".

Litt regn, men like idyllisk.

Fransk gourmetbutikk.....

Fyrste stein funne, hurra!

Og Vidar var ikkje sein å be....

I døropninga i "giten".

Neste år skal eg jaggu vise dei buldring ja!!

Inntil vidare brukar Idunn buldrematta som seng, perfekt!

Sandbotn er perfekt for mjuke landingar.

Idunn var rett og slett ekstatisk kvar gong ho fekk ta på steinane.

Perfekt familieaktivitet!

Åh, ta i!!

Tung i ræva og svak i armane, dårleg utgangspunkt for buldring.

Bra nokon held styr på kvar vi befinn oss.

Lunsjkos på matta.

Rett og slett eit fantastisk område.

Norsk delegasjon på Franchard Isatis.

Hoppande ung buldrar.

Hilde, Ingrid og Vidar slapper av på siste buldredag.

Ekte turist utanfor Versailles.

Tilfreds med ikkje å ha ansvaret for denne hagen kjenner eg!

Kommande botaniker? Idunn viste enorm interesse for lauvverket.

Idunn og pappa.

Pappa og Idunn.

Idunn og pappa igjen.....

Idunn og pappa og slott!

7 kommentarer:

  1. Ser ut til at de har hatt ein kjempetur!

    Det er SÅ triveleg å følge med på bloggen din, Brit og innmari artig å sjå Idunn. Håper du ikkje har noko i mot at eg snik meg inn og heng med på bloggen din. ;-)

    SvarSlett
  2. Det er meininga at folk skal vera innpå her for å fylgje med på kva som skjer!! Veldig hyggeleg er det, så fortset med det.
    Og ja, det var ein knalltur:)

    SvarSlett
  3. Ikkje verst, ikkje verst! Vi er med neste gang!!

    Kjetil

    SvarSlett
  4. Det er jaggu ei avtale det!! :D

    SvarSlett
  5. Så mange fine bilder, ser ut som dere hadde en flott tur!!
    Og Idunn er jo bare verdens skjønneste:)
    Gleder oss til å treffe henne(og dere) igjen, ble så kort sist.

    SvarSlett
  6. Hei du anonym, kven er du?? Vart litt nysgjerring her ;)

    SvarSlett
  7. Ha, ha. Glemte at jeg var anonym...
    Mette

    SvarSlett