lørdag 16. august 2008

08.08.08

Trioen Habberstad, Laksy og Haugen reiste frå Oslo tidleg om morgonen fredag den 8. august. På ein rasteplass mellom Røros og Glåmos var det klart for eit aldri så lite klesskift.....

Eg og du Therese, eg og du! Ja , Terje, eg og du!

Bror og far til brura. Dei er ikkje så ulike dei to her. Ein ser at dei er i slekt for å si det slik!

Ikkje så ulike desse to heller. Jørn og Sindre. Ein av dei sovna i kyrkja....gjett kven?

Ivrig fotografering!

Kom igjen Terje, nå skal vi i veg!

Og her kjem dei roande inn til mottakinga ved naustet.

Stramme karar!

Middagen var super, vertskapet fantastisk, vinen perfekt tilpassa maten, kakene enorme, talane gode, musikken råbra og konjakken sterk. Alt som høyrer til i eit svært vellukka bryllup! Tusen takk for at vi fekk koma!

Her er eit bilete frå litt utpå kvelden når Vidar prøver å trylle ryggen til Øyvind heilt god igjen!

torsdag 14. august 2008

Therese + Terje!

08.08.08 kom det eit høgt og klart JA frå begge to i Glåmos kyrkje ikkje så langt frå Røros. Vi var der og det vart eit fantastisk flott bryllup! Kjem attende med fleire bilete når eg får satt meg ned og ordna dei. Til så lengje får dykk kose dykk med dette. Therese og Terje med vesle Johannes på armen.

torsdag 7. august 2008

Grønne frukter

Grønne enn så lenge! Det kjem til å bli ein del plommer og epler ein gong utpå hausten. Eg ser fram til det. Når eg var lita tenkte eg at ein gong, når eg vart stor, skulle eg ha ein hage med frukttre i. Det har eg nå. I overkant mykje ser det ut til. Det er så ille at eg må til å lage stillas for å halde oppe plommetreet som er tungt av plommer.

Kjonejordet mellomlandingsstasjon



Eller kanskje eg skulle si Kjonejordet naturreservat? Denne gjengen med canadagås har i alle fall slege seg til rett utanfor hagen vår. Det er eit h.... spetakkel ved 5-tida om morgonen når dei kjem inn for landing, men hyggelig likevel!

tirsdag 5. august 2008

Heile dagen lang....

....står vi og pusser, og sparkler, og maler, og pusser igjen, og sparkler enda meir. Men ein kan sakte, men seint sjå ei lita endring inne i kåken vår. Veggane i stua er ikkje mintgrøne lenger. Nei, dei er eggekvite med ljosgrå sparkelflekkar på. I morgon vil ho vera enda litt meir eggekvit med nokre få flekkar, og kven veit, torsdag er den kanskje berre eggekvit. Det vil si at snart kan vi fløtte nokre av tinga våre inn på stua igjen, i den kvite stua utan bogegang!

mandag 4. august 2008

Hydnefossen i Hemsedal.

Sundag var planen å klatre meir, men slik gjekk det ikkje. Øyvind har nemleg kjøpt seg ein liten hard plastelinaball som ein kan gå å klemme på. Formålet med dette er at ein skal bli sterkare i fingrane, altså ein betre klatrar. Så var det dette med å overdrive da. Etter 2 døgn så var betennelsen på plass. Ballen var nemleg under konstant klem i dei 2 døgna, under frukosten, på do, i sofaen, kjøreturen opp til Hemsedal, overalt han gjekk og sto.....Bra jobba unge Habberstad. Eg har ein mistanke om at du kjem til å bli minna om dette her ganske lenge;)

Som eit godt alternativ reiste vi opp til Hydnefossen for å sjå på fossen og utsikta. Og flott var det der oppe. Etter å ha sjekka utsikta både lenge og vel så testa vi badetemperaturen i fjellvatnet som er opprinnelsen til fossen. Temperaturen var fullt badbar!

Lang ned.....

Øyvind har ikkje høgdeskrekk, men betennelse i underarmane derimot...

Should I stay or should I go.....?

Sumar i Hemsedal!

Etter turen på Storen kjørte vi via bakeriet i Lom over Valdresflya til Hemsedal. Øyvind kom også opp fredag kveld. Planen var at Øyvind skulle få jomfruturen sin på ei fleire taulengders rute oppe på Skurvefjell. Når eg vakna laurdag morgon var låra mine så stive at eg var kvalm når eg gjekk ned trappa. Eg har vore støl og stiv etter hard trening før og, men dette var verre enn eg nokon gong har vore borti. Etter ein tur på skandinavisk høyfjellsutstyr (der vi sjølvsagt investerte stort, nok ein gong) kjørte vi opp mot Skogshorn og traska inn mot Skurvefjell.
Eg bevega meg som ei kvalm snegle opp bakkane. Håpet var at når eg hadde gått ei stund ville låra mine sakte med sikkert mjuke seg opp. Det skjedde ikkje! Dei vart heller verre så eg vart sittande i sola nedanfor Skruvefjell for å biletedokumentere turen til Øyvind og Vidar frå nede.
Opp kom dei og tilfredse var dei begge to. Eg var ganske tilfreds eg og. Når eg zooma inn på det siste biletet eg tok, så står Øyvind med hendene over hovudet og jubler. DET såg eg ikkje frå nede, men litt flaks skal ein da ha.