Denne helga har vore roleg. Og vi har halde oss på Kolsås! Planane for helga var både store og mange, og skulle utføras fleire mil frå heimstaden, men nå når det er søndag kan vi sjå attende på klatring på Kolsåstoppen og windsurfing på Larkollen. Vi er både solbrente og støle så vi klagar ikkje. Ein bonus når ein er heime er at ein får rydda litt, og vaska klede, fantastisk!
Elles så berre MÅ eg legge ved denne snutten. Det er nesten ikkje til å tru kva denne guten får til på sykkel. Sjekk ut og nyt!
søndag 3. mai 2009
tirsdag 28. april 2009
Så var klatresesongen i gang.

Fort og gale vart planen om tur opp til Hemsedal omgjort og i staden vart det helg heime på Kolsås. Fantastisk vårvær gjorde sitt til at vi endte opp oppe på Øvre Sydstup på Kolsåstoppen. Her er det litt av kvart å ta bilete av, klatrarar, både rosa og vanlege, og blåveis. Langs råket opp til toppen tyt blåveisen fram overalt! Det ER vår!
Meire kvist. Eit resultat av epletremishandling.Vi veit enda ikkje om trea overlev øksemassakeren (sagemassakeren).
Den flottaste skituren?
Turen til Blåbretind var heilt fantasisk! Eg var sliten og tung i beina på min 6. topptur i påska, men til tross for det så var turen intet mindre enn heilt fantastisk. For å lese om turen så gå inn på friflyt og artikkelen som heiter 4 årstider. Der har Simen skreve ein fyldig rapport om opplevinga, og ikkje minst, lagt ut mange bilete. Her er dei bileta som eg tok:
mandag 27. april 2009
Kvitegga
Kvitegga er ei av 3 Kvitegger i Strandaområdet. Nordhellinga på denne toppen har Eli sett på i lengre tid og dette var dagens store prosjekt. Det vart vellukka!
søndag 26. april 2009
Skopphornet
Etter nokre dagar i Skjåk og Jotunheimen gjekk turen over til Stranda og Sunnmørsalpane. Fyrste topp ut er Skopphornet. Flott fjell med både flott renne og flott flanke. I alle fall for dei som har 2 ski å køyre ned på....
Skagsnebb (2003 moh)
Vi fekk oss to turar opp på Skagsnebb etter at vi gjekk på Moldurhø palmelaurdag (film frå den turen kjem forhåpentlegvis seinare når Vidar har lært seg å redigere). Været var ikkje det beste, men føret var heilt fantastisk. Snøen var nemleg tørr og fin heile vegen ned til bilen som sto parkert nede i Leirdalen. Den eine dagen var det meg, Vidar og Torleif som var på tur, medan den andre dagen fekk vi 3 fylgje av brødrene Bråten, Gaute Aaboen og Tom.
tirsdag 14. april 2009
Frå topp til topp...

Så snart eg har fått satt meg ned og gått gjennom bilda frå årets påskehendingar så skal eg slenge dei ut på bloggen her. Det er sjølvsagt ein heil del å gå gjennom, men det skal skje på eit tidspunkt om ikkje så alt for lenge, håpar eg. For ikkje skiinteresserte kan det kanskje bli litt kjedeleg i lengda for det dreier seg om mykje skigåing. Vidar fann ut, på bilturen heim til Kolsås, at vi hadde gått omlag 7000 høgdemeter i løpet av påska. Av toppar vi har besøkt i påska kan eg nevne Moldurhøi, Skagsnebb (x2), Skopphornet, Kvitegga og Blåbretind. Biletet viser utsikta når ein kjem inn på Hurrbreen, Veslfjelltinden.
Abonner på:
Innlegg (Atom)













































