mandag 10. august 2009

Neste stopp: Hvide Sande, Danmark.

Ja, kvar gjekk turen Vidar? Det var berre å sjekke Windguru. Vindmeldingane i Hvide Sande i Danmark var lovande og billett over Skagerak til Hirtshals vart bestilt i ein fei. Ein rask telefon til Erik og Heidi i Skien, og vips så var dei med på turen og. I baggasjen hadde dei med seg 15 mnd gamle Fredrik som vart mitt store favorittfotoobjekt i Danmark. For ein fantastisk sjarmør!!
Erik og Heidi var mine fallskjerminstruktørar i 2005, medan Vidar kjenner dei frå både jobb og studiar i Bø. Ja, og så fallskjermmiljøet da. Her er eit lite bilete frå den gongen. Sindre Frigstad har teke biletet!


Vind vart det. I alle fall eit par dagar. Det vart nok vind til at armar og rygg var meir enn mørbanka. Rett og slett sårt vart det. Ikkje nok med at vi fekk med oss Erik, Heidi og Fredrik på tur, men Hilde og Ingrid frå Hemsedal var og på ferie i Hvide Sande. På toppen av dette dukka det hyggelege paret Marit og Bjørnar samt dotter deira Lisa opp. Dei vart vi kjent med i bryllupet til Kathrine og Espen. Det vart med andre ord ein ganske så stor norsk vindsurfingskoloni etter kvart. Her er nokre bilete, og som sagt, det er eit par av Fredrik.

Mykje deilig sand!

Hæ?

What? Får eg ikkje lov?

Hilde og Ingrid!


Hoppetussa!!

Hei du! Hjelp meg oppi da!!

Kom igjen, bli med og hopp, enten du vil eller ikkje!

Sjukt irriterande å ikkje kome lenger opp i denne sklia!

Skeptisk Erik?

Like skeptisk Heidi?

Maks kos!

Vidar meinte han såg litt femi ut her, men eg tykte han var fin eg.

Vidar på utsida i bølgene. God bølgedag!

I am a lonesome....cowboy? Nei, barnevogntrillar var det.

Nesten sovna, men det bles så mykje sand inn i vogna mi!

søndag 9. august 2009

Sommarferie, jaaaaaa!

Endeleg vart det sommarferie. Planane for kva som skulle skje var få, men draumane store og mange. I hoi og hast, og sjølvsagt etter å ha studer YR grundig, så pakka vi bilen og køyrte mot vest. Målet var Molladalen og klatring. Midt på natta kom vi fram og bestemte oss for å sove i staden for å gå inn i dalen. Det var lurt. Når vi vakna låg skyene heilt ned på biltaket og regnet PLASKA ned. Etter ein fantastisk kaffe på Fugl Føniks i Ørsta (stopp her anbefales på det sterkaste!), endte vi opp i Stryn. Her var det mykje kjentfolk og vi havna i eit 2x40 års lag. Litt klatring og buldring vart det og, på Beachen og Melkevollen.

Fyrste dagen i ferien og regnet sprutar!

Anne Gurine.

Kjersti og Johannes (den eine jubilanten).

Benjamin ser ikkje heilt tilfreds ut, men det trur eg at han eigentleg var....

Kristin er i alle fall tilfreds!

Kvass stein på Melkevollen.

Revebjelle (digitalis purpurea), farleg (og), vakker.

Briksdalsbreen.

Askeladden?

Jepp Brit, kvar går turen nå??

lørdag 8. august 2009

Siste og fyrste tur....

Det vart ein fin siste fjelltur på pappa. Nå sit han nok og ser utover bygda og innover fjella der han høyrer heime. Det er ein fin tanke.
For Alexander var det fyrste turen inn i Lendfjellet. Tapper fjellvandrar som han var så heldt han koken heile dagen. Til slutt var nok Varga den beste motivasjonen for å gå og det var godt å få sitja på ryggen min den siste biten ned lia. Faktisk var det så godt at han sovna og vakna ikkje før vi var framme ved bilen.

Varga må og få vatn og rosiner når det er pause, Alexander ordner opp!

Storkosing!

Fanga!

Varga i føringa, Alexander fører.

Innbitt fjellvandrer.

Utsyn mot nordvest.

Haugen farm.

mandag 6. juli 2009

Ein skal ikkje sova bort sumarnatti....

...derfor inviterte Tom oss ut på seilbåten jonsokkvelden. Så flott og vakkert ute på fjorden, triveleg selskap og god mat. Strålande tiltak!

Lange slanke raseleggar....

Vi var ikkje aleine på fjorden for å si det slik.

Unge Danielsen laxer...

Strake vegen utan vind!

Mannskapet som for det meste såg på at Tom og Kim ordna....

Vidar har teke litt ansvar sidan han tross alt har vokse opp ved sjøen.

Eg har ikkje vokse opp ved sjøen og er unnskyldt!

Oslo by Jonsok

Frammuseet med Gjøa i framkant.

Sommarlykke....

Litt klatreoppdatering

Her kjem nokre bilete frå ymse klatreturar til Bera-feltet i Drammen. Knallhard, flott granitt og eit lite eldorado med både bolta og naturleg sikra ruter.

Zoom inn!

Vidar på flott rute!

Opp her tru?

Jepp! Ein klassikar!

God gjeng....?

torsdag 2. juli 2009

For dei....


...som ikkje har sjekka bloggen til mi kjære mamma, her er ei påminning!
Sjekk den ut for Randi Rust har nemleg nytt kamera og er jamn på å oppdatere bloggen (i motsetning til dotter hennar som er heilt håplaust lite driftig når det er så varmt som nå).