lørdag 31. mai 2008
Klatring på Kolsås.
Kl 10.00 i dag tidleg var det dekka til frukost ute i hagen vår. Jo, Robert Bråten, Øyvind, eg og Vidar sola oss gjennom ein god og lang frukost før vi tasla oss opp på Kolsåstoppen for å teste ut klatringa der oppe. Eg trur alle saman er enige om at det vart ein bra dag. Jo vart solbrent, Vidar brun og Øyvind sliten. Nå har eg, Vidar og Øyvind grilla og kosa oss. Det var nemleg på høg tid med litt mat. Øyvind var berre så vidt han greidde å tygge maten så sliten var han. Legg ved eit bilete av Kolsåstoppen. I det kvite huset nederst i venstre hjørnet der bur vi!
fredag 30. mai 2008
Hengekøye og våtdrakt
Fortsatt strålande vær på Kolsås og Vidar tester ut hengekøya som vi fekk av Jo i går. Han har testa den ut i mange timar. Justeringar opp og ned, fram og tilbake. Akkurat slik Vidar justerer på dei fleste ting. Går berre og venter på at han skal finne fram tapen og konstruere ein eller annan ekstrafunksjon til hengekøya. Eg derimot sit og gler meg over den superfine våtdrakta som eg fekk av Vidar. Ei Neil Pryde 3000 5/3 lady. Håper på at det snart skal byrje blåse slik at eg får testa den ut. Viss ikkje blir det snart ein tur på stranda for å plaske litt i vatnet der saman med alle dei andre badarane. Det blir bra!


torsdag 29. mai 2008
Gjebursdagen vår!

I dag, den 29.mai, har eg og Vidar gjebursdag. Begge to, på same dag. I fylgje Vidar er det den einaste sjansa han har til nokon gong å hugse gjebursdagen min....sidan eg garantert hugser hans. Vi har i alle fall feira med brask og bram ute i hagen vår. Folk fekk servert grillspyd med rein og diverse andre godsakar, samt kake (ja, det er faktisk eg som har ordna den kaka som er på biletet over). Det var veldig hyggeleg å få så mykje besøk, stor stas! Nå skal eg leggje meg på sofaen og kose meg litt med boka mi, viss eg finn ho att i kaoset her. Oppvaskmaskina durer og går.
onsdag 28. mai 2008
Oppvasken.....

....har til i dag vore gjort for hand, men nå skal det bli ein slutt på det. Vi har nemleg kjøpt oppvaskmaskin i dag! På bildet så driv Vidar ein intens kamp med å få den på plass. Eg kan i skrivande stund høyre småbanning frå inne på kjøkenet. Vi har altså ikkje testa den ut enda. Jau, nå kan den testast! Vidar har gjeve klarsignal! Da skal vi rydde inn vasken og gje gass. Det blir nok ei full maskin på fyrste forsøk. Vi har nemleg spara på oppvasken fordi vi visste at det var maskin på gang.....
tirsdag 27. mai 2008
Vinterhagen vår
Heim frå Sverige
I går var det heimreise frå Sveriges klatreperle, men ikkje før vi hadde vore innom Varberg ein tur. Varberg er eit lite vindsurfeparadis 40 minutt sør for Gøtebord. Der har dei ein stoooor surfebutikk og vi hadde sjølvsagt forhåndsshoppa ein del surfutstyr som måtte plukkast opp. Prisane i Sverige er, som på mange andre ting, gunstigare enn her i Norge. På turen ned dit måtte vi kjøre over denne brua som det er bilde av nedanfor. Den er rett og slett svært fasinerande, både på avstand og i det ein kjører gjennom. Seint på kvelden kom vi heim til Kolsås med bilen full av svenskevarer. Nokon har klipt plenen vår igjen, herleg!!


søndag 25. mai 2008
Ny dag med strålende sol, men klatringa....
......mi var jammen laber i dag. Kan hende trur eg litt på teorien til Vidar. Denne teorien går ut på at: på dei klatrefelta som er etablert av harde (les:gode) klatrarar, der er graderinga tung. I dag greidde ikkje eg å gå ei rute som var gradert på same nivå som ei rute som eg leda på naturlege sikringar i går, latterleg! Det er i alle fall greit å ha teorien til Vidar når klatringa var så dårleg som i dag. Eg greier sikkert å koma på ein heil del andre unnskyldningar for kvifor eg klatra så dårleg i dag og; rekene i går var dårlege så eg hadde magesjau, eller det vart for mykje cider i går, eg sov så dårleg i natt for Vidar snorka, eg sov så dårleg i natt fordi Vidar dansa rundt på nattbordet etter alt bjørnebrygget, eg har vondt i ei tå, eg har vondt i ein finger eller så kjennes det ut som om eg har fått kusma. MEN alt dette ville vera å lyge. Eg må nok berre innrømme at eg er ikkje den kollosale skarpklatraren som eg trudde eg var i går etter å ha cruisa opp ei rute som var mykje hardare gradert. Nei, slik er livet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)





