onsdag 12. november 2008

Skjerpings!

Nå har eg vore "låk" til å blogge ei periode. Ikkje utan grunn. Helgene har gått med til gjebursdagsfeiring. Fyrst Jo sitt 30 årslag, og så Berit og Sigmund sitt 120 års lag. Her kjem det derimot eit lite bildesamandrag frå feiringa i Hemsedal.

Ingenting å si på innsatsen til Vidar og Tom.....Frode på plass.....

Geir har starta ropinga!! HOOOO!!!!

PiratMikkeMusJo!

Klare til å hive innpå litt mat.
PiratMikkeMusJo er betenkt, blir det nok mat?
Blid Eli!

mandag 3. november 2008

Jo, bror min blir 30.

Det er rart, når den veslebror plutseleg er 30 år. Plutseleg så er han vaksen. Plutseleg så hadde 30 år gått, svusj!!! Han kan liksom ikkje koma seg frå det nå, at han har vorte vaksen. Det er litt spesielt dette å bli 30. Eg hugser når eg vart 30, eg likte det ikkje noko spesielt. Ein ting kan eg si til bror min som blir 30. At uansett kor gamal du blir, så kjem du alltid til å vera yngre enn meg. Du er nemleg vesle bror min som eg er så glad i.

Eit halvt år gamal

Fyrstikker er konge!

Eitt år!

SMIL!

Står roleg nå!

To bestisar på turnleir i 1986, 8 år gamle.

Alvorleg aspirant i skulemusikken.


Frå den grøne tida.....?

I kvit kjeledress på jobb

Jo og ski i Hemsedal

Jo, 30 år.

søndag 19. oktober 2008

FOR ei lampe!

Dette er drømmelampa. Eller ei av drømmelampene. Det som er spesielt med denne her, er at ho står inne på stuegolvet vårt og skin. Vi har sett på ho lenge. Vurdert fram og attende, men i går vart avgjera teke og lampa kom i hus. Vi angrar ikkje. Vi tykkjer den berre blir finare og finare faktisk. Veldig tilfredse, for å si det mildt. Produsenten er northern lightning, og lampa heiter oslo wood. Det er sikkert noko som heiter lampefetisj. Kanskje eg og Vidar har det?

søndag 12. oktober 2008

Hemsedalshelg

På tur opp mot Skogshorn

Vidar freeflying

Skuggekyss

Vakkert....
Lauvet er borte, det er haust.

Eg ser deg overalt


Det va nok ei håndfull tid
og nok ein dag forbi.
Nå e resten vind i løvet.
Nå e resten som et sus
av stille bølgebrus
i ein menighet av døve.

Ikkje alle tar farvel,
men alle må ta kveld
når ein dag te sist e omme.
Du va halvveis i ein sang
med fleire vers på gang.
Men det komme som det komme.

Eg ser deg overalt;
i kvert fotefâr i støvet,
i byttedyr som falt
der jungelloven gjaldt,
og i livet laust på prøve.

Nå har sangen din tatt slutt,
for løpet ditt blei brutt.
Der va ingen siste anke.
Men eg ser deg, likavel,
i solefall og kveld
og i bånnen av min tanke.

Eg ser deg øvealt;...

(Vamp 2005)

søndag 5. oktober 2008

Supermamma...

Mamma har lånt rulleskøytane til Vidar. Det går så det suser! Ho tykkjer det er, for å si det med eit Vidaruttrykk, grisegøy! Avkommet er lettar bekymra, men dama har gått til innkjøp av alle nødvendige sikringsmidlar. Dette er ingen problem, seier ho sjølv. Stilen er i alle fall upåklageleg!

lørdag 4. oktober 2008