mandag 3. november 2008

Jo, bror min blir 30.

Det er rart, når den veslebror plutseleg er 30 år. Plutseleg så er han vaksen. Plutseleg så hadde 30 år gått, svusj!!! Han kan liksom ikkje koma seg frå det nå, at han har vorte vaksen. Det er litt spesielt dette å bli 30. Eg hugser når eg vart 30, eg likte det ikkje noko spesielt. Ein ting kan eg si til bror min som blir 30. At uansett kor gamal du blir, så kjem du alltid til å vera yngre enn meg. Du er nemleg vesle bror min som eg er så glad i.

Eit halvt år gamal

Fyrstikker er konge!

Eitt år!

SMIL!

Står roleg nå!

To bestisar på turnleir i 1986, 8 år gamle.

Alvorleg aspirant i skulemusikken.


Frå den grøne tida.....?

I kvit kjeledress på jobb

Jo og ski i Hemsedal

Jo, 30 år.

1 kommentar:

  1. Jo 30 år!... Ja, veslebroren din, men litt veslebroren min òg! Kjennes slik ut, ihvertfall. Eg hugsar den oransje sofaen og den mørkgule lampesjermen med brune frynser. Artig! Og litt rart. Bilde av Jo som eittåring - og nå er det eg som har eittåring i hus. Rart.

    SvarSlett