tirsdag 30. desember 2008
Vind og temperaturendring i Hemsedal
Brrr, -20 grader viste graderstokken i dag tidleg når vi sto opp. Eg , Vidar og Tom trossa kulden og lempa turutstyret ut i bilen. Vi tenkte at vi skulle ta oss ein tur opp mot Svarthetta. Kroppen vart tulla inn i MENGDER med klede og så la vi i veg. I det vi gjekk ut av bilen på parkeringa fekk vi oss ei lita overrasking. Det var rett og slett ikkje kaldt! Temperaturen her var berre -2 grader. I staden hadde det byrja å blåse. Kameraet og linsa var sjølvsagt med i sekken, her er resultatet....
lørdag 27. desember 2008
God linse, men dårleg fotograf!
1. juledag på Rust.

Heilt frå eg var lita har vi feira 1. juledag hjå bestemor Rust. Ved 12-tida er det oppmøte og frå der går det slag i slag. Mat, skravling, mat, meire mat, skravling, dessert, kaker, marsipan, meir skravling og til slutt ein liten ekstra julekveld med full gaverunde. Det er utruleg kos å sjå tante og onkel, bestemor og sysjenbarna våre. Ikkje minst er det kos med dei to små døtrene til eine sysjenbarnet mitt. Dei er 3 og 4 år så kan eg love deg at det er full fart! Dette var sjølvsagt og ei gylden anledning til å prøve telelinsa mi så her kjem det nokre bilete.
fredag 26. desember 2008
Juletrening for små og store.

Rett før jul inviterte eg og Vidar til ei lita stresspause frå alt julekaoset. Det vart servert både gløgg, pepperkaker og marsipan. Vi følte at det var viktig med litt trening til jul. Viktigaste treninga fekk nok smårollingane. Mykje sukker og seint i seng, fint å ha med seg inn i julehøgtida. Slik at dei veit kva dei går til, både ungar og foreldre....
onsdag 24. desember 2008

Nå er det ikkje lenge til jula ringer inn. Jula blir rar i år. Ikkje slik eg hadde tenkt meg. Likevel så blir det jul, uansett kor klar/lite klar ein er så blir det jul. Eg er i Skjåk nå. Ute er det kvitt og minusgrader. Det er faktisk nokså bra julestemning. Inne hjå mamma er det i alle fall julestemning. Her det det som vanleg eit komplett julekaos. I alle år er det pappa som har stått for julematen. Slik blir det ikkje i år. Derfor har vi gått heilt bort frå den klassiske menyen med ribbe og riskrem. I år er det ytrefilet av rein med sellerirot- og potetstappe, sopp og smørstekt gulrot. Til dessert er det panna cotta.
God jul alle saman, nå skal eg setje på potetene og sellerirota!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
















