mandag 26. januar 2009

Line EP Pro

Ville berre si at dette er jammen fine og breie ski!
Dei er ikkje så verst å køyre på heller......

mandag 19. januar 2009

....og så kom snøen på Kolsås!


I går, når vi kom frå Hemsedal, måtte vi grave inn bilen på parkeringa. Det regelrett dumpa ned med snø. I løpet av dagen i dag har den falt litt sammen, men nå har det byrja å snø igjen. Det blir meir måking og meir skigåing. Eg, Vidar og Thomas Riset har akkurat gått ei runde frå Gommerud. Bratt opp, og bratt ned, herleg!!

mandag 12. januar 2009

Jepp, da var 2009 her.....

....og snart kjem sola! Det er eg heilt sikker på!
Det var rart å bli ferdig med 2008. Godt, trist, rart og uverkeleg. Alt på ein gong. Reint symbolsk trur eg årsskifte var svært viktig for meg. Eg har lagt bakom meg eit turbulent år og er nå på veg inn i eit nytt eit som mest sannsynlegvis ikkje blir like turbulent. Det skal nemleg ikkje så mykje til før det blir ekstremt mykje betre enn det førre. Derfor legg eg ved The Doors og Waiting for the sun. Eg har ikkje tenkt å setje meg ned å vente eigentleg. Det viser seg ofta at lykka, den må ein jobbe for, så 2009, eg er klar!!



WAITING FOR THE SUN
At first flash of Eden, we race down to the sea.
Standing there on Freedom's Shore.
Waiting for the Sun
Can you feel it now that spring has come.
And it's time to live in the scattered sun.
Waiting for the Sun
Waiting.... Waiting.... Waiting.... Waiting....
Waiting for you to - come along
Waiting for you to - hear my song
Waiting for you to - come along
Waiting for you to - tell me what went wrong
This is the strangest life I've ever known.
YEAH!
Can you feel it now that spring has come.
And it's time to live in the scattered sun.
Waiting for the Sun
Waiting... for... the suuuuun.

tirsdag 30. desember 2008

Vind og temperaturendring i Hemsedal

Brrr, -20 grader viste graderstokken i dag tidleg når vi sto opp. Eg , Vidar og Tom trossa kulden og lempa turutstyret ut i bilen. Vi tenkte at vi skulle ta oss ein tur opp mot Svarthetta. Kroppen vart tulla inn i MENGDER med klede og så la vi i veg. I det vi gjekk ut av bilen på parkeringa fekk vi oss ei lita overrasking. Det var rett og slett ikkje kaldt! Temperaturen her var berre -2 grader. I staden hadde det byrja å blåse. Kameraet og linsa var sjølvsagt med i sekken, her er resultatet....

Ein rask liten svingovergang

Danielsen koser seg ser det ut til!

Vidar og kvist!

Tja, det ser ikkje så verst ut.....

lørdag 27. desember 2008

God linse, men dårleg fotograf!

Dette slapp eigentleg ikkje gjennom korrekturen, men for å bevise at vi har vore på tur i dag så legg eg det ut likevel. Ned gjennom skogen ovanfor Nysetra var det rette og slett fantastisk føre! 30 cm med fersk, fin og laus snø.

1. juledag på Rust.


Heilt frå eg var lita har vi feira 1. juledag hjå bestemor Rust. Ved 12-tida er det oppmøte og frå der går det slag i slag. Mat, skravling, mat, meire mat, skravling, dessert, kaker, marsipan, meir skravling og til slutt ein liten ekstra julekveld med full gaverunde. Det er utruleg kos å sjå tante og onkel, bestemor og sysjenbarna våre. Ikkje minst er det kos med dei to små døtrene til eine sysjenbarnet mitt. Dei er 3 og 4 år så kan eg love deg at det er full fart! Dette var sjølvsagt og ei gylden anledning til å prøve telelinsa mi så her kjem det nokre bilete.

Nøtteknekker Ingrid Louise


Edel Marie venter spent på neste gave


Eg veit ikkje heilt kven som koser seg mest eg...


Ei ekte uteku eller to.

For ei linse.....

....eg tør nesten ikkje vise meg med denne her. Den er lang og grå, og heilt RÅ!

Vidar er nemleg ikkje sann når det kjem til julegaver.