Endeleg vart det sommarferie. Planane for kva som skulle skje var få, men draumane store og mange. I hoi og hast, og sjølvsagt etter å ha studer YR grundig, så pakka vi bilen og køyrte mot vest. Målet var Molladalen og klatring. Midt på natta kom vi fram og bestemte oss for å sove i staden for å gå inn i dalen. Det var lurt. Når vi vakna låg skyene heilt ned på biltaket og regnet PLASKA ned. Etter ein fantastisk kaffe på Fugl Føniks i Ørsta (stopp her anbefales på det sterkaste!), endte vi opp i Stryn. Her var det mykje kjentfolk og vi havna i eit 2x40 års lag. Litt klatring og buldring vart det og, på Beachen og Melkevollen.
søndag 9. august 2009
lørdag 8. august 2009
Siste og fyrste tur....
Det vart ein fin siste fjelltur på pappa. Nå sit han nok og ser utover bygda og innover fjella der han høyrer heime. Det er ein fin tanke.For Alexander var det fyrste turen inn i Lendfjellet. Tapper fjellvandrar som han var så heldt han koken heile dagen. Til slutt var nok Varga den beste motivasjonen for å gå og det var godt å få sitja på ryggen min den siste biten ned lia. Faktisk var det så godt at han sovna og vakna ikkje før vi var framme ved bilen.
mandag 6. juli 2009
Ein skal ikkje sova bort sumarnatti....
Litt klatreoppdatering
torsdag 2. juli 2009
For dei....

...som ikkje har sjekka bloggen til mi kjære mamma, her er ei påminning!
Sjekk den ut for Randi Rust har nemleg nytt kamera og er jamn på å oppdatere bloggen (i motsetning til dotter hennar som er heilt håplaust lite driftig når det er så varmt som nå).
mandag 25. mai 2009
Bohuslän klatreeldorado.
Turen til Bohuslän i fjor gav meirsmak, så eg og Vidar stuva bilen full og reise nedover mot vestkysten av Sverige. Viss trafikken er under kontroll ut av Oslo og nedover Østfold, så tek det ikkje meir enn 2 og ein halv time å koma seg ned til granittrissa og flåtten. Trafikken var heldigvis under kontroll. Vidar har ein tendens til å bli meir enn normalt irritert om han må sita i bilkø. Etter litt surring for å finne stien endte vi opp i Bjørkeberget, og som vanleg så presterte eg over evne når det er lenge sidan eg har klatra.

Fredag klatra vi i Brappersberget. På grunn av meir regn var det eit av få alternativ som tørkar fort. Der var vi ivrigast på å klatre og minst ivrige på å ta bilete. Derfor kan ein sjekke ut bileta frå i fjor. Vidar hadde nemleg noko ugjort med ei 6- rute der....
Søndag reiste vi til Hallinden for å gjera klassikaren Prismaster som er ei vedvarande 6- på 44 meter. Vidar cruisa og eg sleit. Eg er som sagt best når eg har kvilt meg i form. Dette var tross alt 4. dagen med klatring. Uansett så kom eg meg opp (til slutt) og tilfredse kunne vi reise attende til Kolsås. Nå blir det nokre dagar med restitusjon før eg, nok ein gong, har kvilt meg nok i form.

Bilen fungerte som bolig og ein parkeringsplass i Smögen vart tilhaldsstaden for helga. Ei populær festhavn for norske seilarar. Høgsesongen for fyll og fanteri hadde ikkje byrja enda og dermed framsto Smögen som eit skikkeleg paradis. Ikkje minst på grunn av bakeriet Skäret. Er du i Smögen er eit besøk dit obligatorisk! Natt til fredag styrtregna det. Vi hadde med andre ord ikkje store forhåpningane om klatring den dagen, men jauda. Ein tur ned til Kleven kl. 15.00 og der var veggen fin og tørr!
Fredag klatra vi i Brappersberget. På grunn av meir regn var det eit av få alternativ som tørkar fort. Der var vi ivrigast på å klatre og minst ivrige på å ta bilete. Derfor kan ein sjekke ut bileta frå i fjor. Vidar hadde nemleg noko ugjort med ei 6- rute der....
Søndag reiste vi til Hallinden for å gjera klassikaren Prismaster som er ei vedvarande 6- på 44 meter. Vidar cruisa og eg sleit. Eg er som sagt best når eg har kvilt meg i form. Dette var tross alt 4. dagen med klatring. Uansett så kom eg meg opp (til slutt) og tilfredse kunne vi reise attende til Kolsås. Nå blir det nokre dagar med restitusjon før eg, nok ein gong, har kvilt meg nok i form.
Abonner på:
Innlegg (Atom)












































