lørdag 10. april 2010

Skal tru om det blir epler i år.....

...eg har i alle fall gjordt mitt når det kjem til beskjæring. I fylgje grannane mine har eg nærast ofra både liv og helse for dette her. Det er sjølvsagt STERKT overdrive! Enda er det att eitt tre. Det har Vidar lova at han skal ta for der må ein delvis klatre i treet for å få det til. Med den fronten min så er ikkje det så lett.

Vårsøg

torsdag 25. mars 2010

Etter press....

....legg eg nå ut nokre bilete av meg sjølv. Harde fakta spør du meg, og eg trengte 34 veker på å manne meg opp til ei fotorunde av meg sjølv. Valde å bruke ei litt kunstnerisk form på det eine. Phu, det byrjar å bli tungt som dykk kanskje ser.


søndag 14. februar 2010

Utenfor døra ser det slik ut nå.

Offpiste.....still standing (still).

Løyper på Haugerjordet.

Vidar kan tilfreds konstantere at runda er på heile 2,5 km.

Nokre isklatrebilete frå Rjukandefoss i Hemsedal

Øyvind og Vidar på veg opp.

Jo med eit lite glipptak, men det gjekk bra.

Charles på ei artig utfordring.

Unge Habberstad koser seg som vanleg.

onsdag 23. desember 2009

På veg heim til jul.

Det er kaldt i innlandet nå. I dag kan eg lesa på graderstokken at det er -27 grader her i Skjåk. Tungvint kan det bli når ein skal i veg med bil å gjera eit og anna ærend nå før jul. Likevel må eg si at eg er nokså fascinert av denne kulda og det spesielle ljoset som blir når kulda set inn. Korleis snøen knirker når temperaturen søkk på denne måten. Da eg køyrde over Valdresflya i skumringa måtte eg berre stoppe å ta nokre bilete av ljoset og av alle kuldegradane.

Mot sør og solnedgang over Bitihorn

Vinternatt på Valdresflya....

onsdag 2. desember 2009

Ljos og englar

Oho, så lenge sidan sist. Det har sine grunnar for å si det slik.
Som bildet viser så er Vidar i FULL gang med å få opp litt ljos slik at eg kan fortsetje med juleprosjekta min. Har fått rota ting utover heile kjøkkenbordet, perfekt! Det er slik det skal vera før jul.
Engler dalte ned i skjul og landa i hylla mi.