lørdag 31. juli 2010

Idunn på stellebordet.


Ja, så låg eg her igjen da.....


Skjer det noko snart?


Nei, det ser ikkje slik ut....

Eg får vel stå for underhaldninga sjølv!
Jejejejejeje, sparke, sparke, sparke!!

Jepp, NÅ vart det litt gøy her:)

Idunn på teppet.

fredag 16. juli 2010

2 månader gamal blid jente.





Ung, lovande hemsedøl!

På vegen heim til Kolsås hadde vi ei mellomlanding i Hemsedal. Rart å vera her utanom skisesongen, men ikkje mindre hyggeleg! Vi møtte på to av "the locals", nemleg Snorre og Ellen. Da vart det mellom anna trilletur og fotosession inne på fjellet. Snorre poserte velvillig.

Trillevillige mødre.

Godt med ein matbit i vinden.

Hadet, eg stikk nå.....

Mmmmm....så godt.

Vegarbeid med bøtte og spade?

Det luktar....fysj! Det lukta ikkje godt i alle fall!

Mamma er heilt topp! Snorre hyler av latter.

Idunn vart veldig trøytt og tilfreds av fjellufta.

tirsdag 13. juli 2010

Over til Vestlandet!

Så var det klart for årets sommartur til Askøy. Berit og Sigmund, farmor og farfar, kunne imponere med ny superflott leilegheit i Strusshamn. For ei super utsikt! Elles vart det besøk både hit og dit, og nok ein gong var været så flott, så flott!

Eg (og Carola) med vind i håret. Rå utsikt!

Full fart i underhaldningsbransjen....

Farfarkos!

Ei oldemor som koser seg stort med Idunn.

Sysjenbarn 1: Mia og Idunn.

Sysjenbarn 2: Lea og Idunn.

Mia er perfekt barnevognrugger!

Hoi!

For eit blinkskot!

Vidar instruerar i slakkline.

Frode gjev gass, men er litt på sliteren her....

Mia hopper av!

Djup konsentrasjon på Karoline.

Sysjenbarn 3: Karoline og Idunn.

Sysjenbarn 4: Amalie og Idunn.

Flotte jenter!

Svartkvit Amalie.

Farmor held fast i sprellande Idunn!

tirsdag 29. juni 2010

Ymse blinkskot frå dei siste vekene.

Besøk av bestemor Skjåk. Pingu på ski er også med, men det er kameraet og mamma som er mest interessant ser det ut til.

Oh, det er deilig å kvile på sofaen.

På ferie hjå bestemor Skjåk. Solhatten er på!

Vippestol er strålande!

Sliten far. Ikkje på grunn av ei plagsom dotter, men på grunn av knallhard klatreferie med Øyvind.

Gulping er gøy Vidar?? Idunn er litt meir skeptisk.

Velfortjent kvil på pappa sin mage (om nokon skulle vera i tvil).

torsdag 10. juni 2010

29.mai 2010


29.mai er gjebursdagen til både meg og Vidar, og nå har det og vorte bryllupsdagen vår.
For Vidar si skuld fann vi ut at det var lurt å gjera samle mest mogleg på denne dagen. Dermed var det duka for viing hjå byfogden i Oslo. 7 minutt tok det, raskt og effektivt. Heilt etter vår smak. Etterpå diska Vidar opp med middag på Kjonejordet. Sashimi av laks til forrett og andebryst med pastinakkpuré, stekte grøne epler og sukkererter, servert med solbærsaus. Eg hadde teke ansvaret for desserten og ringt til Pascal. Dei leverte dermed ei kraftig, heftig sjokoladekake med bærsaus til det formålet. MEN når dette er sagt så kan vi røpe at det blir skikkeleg feiring av denne hendinga seinare. Ei stor feiring med mykje folk og mykje liv!! Det er berre å byrje gle seg! For dei som lurar på om eg kom inn i bunaden min 2 veker etter fødselen: det gjorde eg ikkje, men eg har ei mor som er suveren på å justere ut slike bunader.

(Foto: Ingrid og Petter)