torsdag 10. juni 2010

29.mai 2010


29.mai er gjebursdagen til både meg og Vidar, og nå har det og vorte bryllupsdagen vår.
For Vidar si skuld fann vi ut at det var lurt å gjera samle mest mogleg på denne dagen. Dermed var det duka for viing hjå byfogden i Oslo. 7 minutt tok det, raskt og effektivt. Heilt etter vår smak. Etterpå diska Vidar opp med middag på Kjonejordet. Sashimi av laks til forrett og andebryst med pastinakkpuré, stekte grøne epler og sukkererter, servert med solbærsaus. Eg hadde teke ansvaret for desserten og ringt til Pascal. Dei leverte dermed ei kraftig, heftig sjokoladekake med bærsaus til det formålet. MEN når dette er sagt så kan vi røpe at det blir skikkeleg feiring av denne hendinga seinare. Ei stor feiring med mykje folk og mykje liv!! Det er berre å byrje gle seg! For dei som lurar på om eg kom inn i bunaden min 2 veker etter fødselen: det gjorde eg ikkje, men eg har ei mor som er suveren på å justere ut slike bunader.

(Foto: Ingrid og Petter)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar