torsdag 7. mai 2009

Windguru!

Så er windsurfingssesongen verkeleg i gang. I mai i fjor var det mykje vind og så langt i mai i år ser det bra ut! Veldig bra faktisk. Windguru er ein super fylgjesvenn i så måte. Den fortel meg og Vidar kva tid vi skal slenge oss i bilen og kome oss til Larkollen. På spot search kan du søkje deg fram til dei fleste stadar som folk har ei eller anna vindkopling til.
Stjerne betyr bra med vind. Blå stjerne er enda betre. Det betyr at det er kald luft. Kald luft innheld ein større tettleik av molekyl og dermed blir det betre effekt i seilet, strålande. Har lagt ved bilete av helgas vindmeldinga for Larkollen. Einaste skår i gleda er nedbøren som er meldt. Den gjev gusty vind og det er ikkje bra! Eg må nok sjå litt på Yr og.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar