
I den sørlege delen av Alpane ligg Orpierre. Klimaet er relativt godt må eg si. Dei skryt av å ha berre 80 dagar med nedbør i løpet av året. Det pregar og på mange måtar landskapet der. Tørt og avsvidd så sant dei ikkje tyr til kunstig vatning. Og det gjer dei, for her er det storstilt fruktproduksjon. Det er eit av hovudområda for lavendeldyrking, men dessverre var alle åkrane i nærleiken alt hausta til min store frustrasjon og sorg. MEN det var ikkje dette som var hovudårsaka til at vi reiste hit. Heller ikkje det dårlege været i heimlandet. Her finn ein nemleg 4 km med klatreveggar og alt er bolta. I tillegg har dei fokusert på lettare ruter slik at det skal gå an å lære seg kunsten å lede. Ja, det er ikkje det at det ikkje er vanskeleg ruter her. Om ein vil så er det mellom anna ei 8c rute å bryne seg på. Fjellet er fast og fint og boltane sit tett, det er rett og slett perfekt. Nærare 600 klatreruter finn ein i dette området så ein har litt å velge mellom for å si det slik.
Vi budde i telt på ein av campingplassane i landsbyen. Kvar morgon sto vi opp og tusla bort til den lokale kjøpmannen og handla ferske baguettar, pølsesnabbar, skinke, franske ostar, rosèvin og ikkje minst pain au chocolate. Det var eigentleg berre ein ting som var skuffande på mat og drikkefronten, og det var kaffien. Den lagar vi MYKJE betre sjølv.











Super ferie ser det ut til. Suverene solsikker, må eg si!
SvarSlett