mandag 7. juni 2010

13. mai 2010


Dette vart ein stor dag for meg og Vidar. Klokka 04.48 sklei Idunn ut og entra denne verda med eit langt og kraftfullt skrik. Vekta viste at det var ei stor jente som var komen ut, 3740 gram. Lengda var kanskje ikkje like imponerande med 49 cm, men så er heller ikkje mor og far så skrekkeleg lange. Legekontrollen, som vi nok hadde grua oss litt til, gjekk fort og raskt. Ungen var så langt han kunne sjå heilt i orden. Vi trakk nok ein lettelsens sukk i det han sa desse orda må vi innrømme. Nå er ho snart 4 veker og veks og kosar seg. Ei vektauke på 500 gram på 2 veker er eit bevis på det. Det er imponerande kor mykje som faktisk skjer på såpass kort tid. Ja, dei er hjelpeslause på dette tidspunktet, men like fullt fascinerande med alle sine grimaser og rare ansikt. I helga fann Idunn fram smilet sitt, 3 veker gamal. Det var pappa som fyrst fekk sjå det, men Idunn berre fortsatte etter at mamma kom til.
Nå skal vi berre kose oss framover og fylgje utviklinga til Idunnsen, men vi har ikkje tenkt å avslutte alle andre aktivitetar. Mor må berre få kontroll på mjølkeproduksjonen og kroppen, og så er vi nok i gang med ekspedisjonar både hit og dit.
Forskjellen er at nå skal vesla vår vera med, og det gler vi oss til!!

Så frykteleg trøytt....

Så frykteleg vaken.....

I god dialog med pappa.

2 kommentarer: