fredag 15. april 2011

Snart klart for avreise!


Dette er nokre av bileta som kjem opp når ein søkjer på Maui på Google. Det ser ikkje så verst ut eller kva? For dei som ikkje har fått det med seg så reiser den vesle familien vår til Maui Hawaii om ikkje mange dagane. Her skal vi vera i 3 månader! Tenkt det, 3 månader med vindsurfing og slaraffenliv. Vi er så priviligerte og heldige som har moglegheit til å gjera dette!  I morgon startar den seriøse pakkinga. Til nå har det vore berre funderingar og listeskriving. Målet er å ha med seg minst mogleg. Vidar seier at han skal ha med seg berre 2 shortsar, ei t-skjorte og sandalar. Eg kjem attende til sanninga når vi har pakka....

Det blir ein lang flytur. Spesielt for Idunn. Flyreisa skal ta 25 timar med 2 mellomlandingar. 06.55 går flyet frå Oslo til Frankfurt og frå Frankfurt skal vi fly heilt til Los Angeles. 4 nye timar på fly ventar oss før vi er framme på Kahului airport på Maui ved 19.00 tida (lokal tid). Her ventar ein leiebil som vi skal kjøre til Haiku der vi har leigd ei hytte den fyrste veka. Haiku er ein liten by som ligg litt opp frå kysten. Eg skal beskrive den nærare når vi kjem dit, men eg har høyrt at den skal vera veldig hyggeleg. Det er i alle fall berre 200 meter til det største yogasenteret på Maui. Kanskje skal kroppen få strekt litt på seg og. Det trengs!

To be continued........

4 kommentarer:

  1. God tur til dere alle sammen. Kjenner jeg bli ganske missunnelig på tre måneder på Hawaiii....

    KLem Siw

    SvarSlett
  2. Riktigt GOD TUR!
    Jag är inte avundsjuk. Jag är inte avundsjuk. Jag är INTE avundsjuk. Jag är så j-vla avundsjuk... :)
    Kram Therese

    SvarSlett
  3. Ler høgt her Therese!! Vi sjåast til hausten :D
    Takk Siw og ha ei god påske alle saman!

    SvarSlett
  4. Fy flate, dere er tøffe!
    Ha riktig god tur. ;-)

    Turid

    SvarSlett