tirsdag 28. juni 2011

Mamma sin Mauiblogg!

For dei som ikkje har fått med seg vialinken min så har mamma ein blogg som ho er svært så ivrig på. Her blir det lagt ut bilete mm. kvar einaste dag.

 Glede på Maui.

søndag 26. juni 2011

Mykje og lite som skjer!

Kven har kome? Den nyankomne ser rimeleg tilfreds ut med LEI`en sin.

Mamma og Stillehavet.

Mot aust. I skyane fins Haleakala på over 3000 moh.

Kven vil bu her, rekk opp handa!

Turist i stein og vakkert Hawaiivær.

Dramatiske klipper nord på øya.

Nakalele blowhole. Bølgjene presser seg gjennom eit hol i lavaen. Idunn glinsar av solkrem, faktor 50!

Øyvind, det KRYR av delikate buldreproblem på øya. Her ser du Idunn og Vidar vise tunge flytt ;)

Jejejejeje! Idunn i solnedgang. Ikkje heilt klar for senga enda ser det ut til.

Må kose besta litt før det er sengetid!

Ny tur til sørsida av øya, og denne gongen MED den store linsa....

EIn kvit vegg og det er ikkje snø!

Det er best å få tøffa seg til på bølgjer fyrst som sist!

Men denne her ser litt for hissig ut. Best å ta spranget innover stranda.

Rullande, blågrøn og vakker!

Rosiner er NAM!

Idunn og pappa i vill leik gjennom Paia.

Og så heim til solnedgangen på lanaien.

Det blir nesten klisjeaktig, så vakkert er det.

onsdag 8. juni 2011

Sør på øya!

I dag har det vore restitusjon. Vi har ikkje vore i vatnet ein gong. Litt deilig må eg innrømme. Restitusjon til tross, det vart fysisk aktivitet i dag og. Vi har gått. Idunn har kosa seg i bæremeisen og vi har kosa oss i eit fantastisk område på Maui. Sidan morgonen i Haiku var skikkeleg regntung og grå bestemte vi oss for å reise over til sørenden av øya. Det viste seg å vera eit perfekt val. Vi passerte forbi Makena, og inn i Perouse Bay. Her ligg det eit naturreservat, Ahihi-Kinau Natural Reserve. Intet mindre enn heilt fantastisk. Endeleg følte vi at vi fann det eksotiske og ekte Hawaii. Maui slik vi hadde sett det for oss inne i hovudet. Her var det størkna lava, turkis hav, små kvite ministrender og bølgjer som treff land med ei brak! I tillegg kom vi dit på ein dag med bølgjer og det er nok like før ein viss Vidar invisterer i surfebrett. Vi lot oss imponere av surfarane. Det einaste som sette ein liten dempar på dagen var at storlinsa mi var att heime, TYPISK! Det vart nokre bilete likevel, enjoy!

På tur i paradis. Og det beste med det, nesten ingen andre folk!

Hissigt hav på veg inn i størkna lava.

Ekte turist?

Ei som kosar seg stort!

Inn i skogen

Ved surfeplassen.  Minnesmerke over to surfarar.

Lang og fin bøglje. Jaggu fekk han den!

Lavaland!

Lurer på kva til dyr som blir jakta på her....det einaste vi såg var geit.

Ein SUPar på tur ut til bølgja.

Meir solnedgang.

For ei lykke, for Idunn. Pappa er litt meir bekymra over all sanda som skal samle seg i bleia.

Målretta, på veg ned til havet.

For ei utsikt for fotografen!

Ein liten engel og ein stor engel!

Høg gapskratt, på far. Dottera er litt meir skeptisk.

Sjå der, sola går ned på Maui!

lørdag 4. juni 2011

Det har vore alt for få solnedgangsbilete til nå....

Solnedgang på Maui.

Hookipa Beach.

Trepinne er noko herk!

Prøve, prøve, prøve og prøve enda ein gong.

Mamma, kan du ta den og hjelpe meg?

Please?

Amerikansk grilling.

Vi har kome i prat med mange forskjellige folk nede på Kanaha Beach medan vi windsurfar. Særleg har Idunn fått kontakt med mykje folk. Det er ganske lett slik som ho hoiar, og roper, klappar i hendene og vinker. Derfor vart ho invitert over til Kihei for å grille og bade i badabassenget hjå Barb og Wendell. Foreldra og BT måtte berre fylgje med på lasset. Det vart ein strålande aften for alle saman. Bading, solnedgang, god drikke og mat, dessert og ikkje minst mange trivelege folk. Idunn hadde kanskje sin beste dag så langt. Basseng er bra!!

Barb og Idunn, eg veit ikkje kven som koser seg mest.....
Pappakos i solnedgang.

Ralph Macchio.....

Enda meir pappakosing.

....og litt mammakos.

Klar for burger, cæsar salat, mais, øl og kokosis til dessert!

Avokado på storleik med, Vidar sitt hovud?

Det er ekte amerikastorleik på avokadoane her.

To be an avokado, or not to be an avokado, thats the question....