lørdag 4. juni 2011

Amerikansk grilling.

Vi har kome i prat med mange forskjellige folk nede på Kanaha Beach medan vi windsurfar. Særleg har Idunn fått kontakt med mykje folk. Det er ganske lett slik som ho hoiar, og roper, klappar i hendene og vinker. Derfor vart ho invitert over til Kihei for å grille og bade i badabassenget hjå Barb og Wendell. Foreldra og BT måtte berre fylgje med på lasset. Det vart ein strålande aften for alle saman. Bading, solnedgang, god drikke og mat, dessert og ikkje minst mange trivelege folk. Idunn hadde kanskje sin beste dag så langt. Basseng er bra!!

Barb og Idunn, eg veit ikkje kven som koser seg mest.....
Pappakos i solnedgang.

Ralph Macchio.....

Enda meir pappakosing.

....og litt mammakos.

Klar for burger, cæsar salat, mais, øl og kokosis til dessert!

1 kommentar:

  1. Pappakos i solnedgangen va jammen eit HÆRLEG bilde!! Ga me tårå i augein.
    Ser døkk stooor kosa døkk!
    Fortsætt mæ dæ å nyyyt livet :)

    kjåkå

    SvarSlett