onsdag 8. juni 2011

Sør på øya!

I dag har det vore restitusjon. Vi har ikkje vore i vatnet ein gong. Litt deilig må eg innrømme. Restitusjon til tross, det vart fysisk aktivitet i dag og. Vi har gått. Idunn har kosa seg i bæremeisen og vi har kosa oss i eit fantastisk område på Maui. Sidan morgonen i Haiku var skikkeleg regntung og grå bestemte vi oss for å reise over til sørenden av øya. Det viste seg å vera eit perfekt val. Vi passerte forbi Makena, og inn i Perouse Bay. Her ligg det eit naturreservat, Ahihi-Kinau Natural Reserve. Intet mindre enn heilt fantastisk. Endeleg følte vi at vi fann det eksotiske og ekte Hawaii. Maui slik vi hadde sett det for oss inne i hovudet. Her var det størkna lava, turkis hav, små kvite ministrender og bølgjer som treff land med ei brak! I tillegg kom vi dit på ein dag med bølgjer og det er nok like før ein viss Vidar invisterer i surfebrett. Vi lot oss imponere av surfarane. Det einaste som sette ein liten dempar på dagen var at storlinsa mi var att heime, TYPISK! Det vart nokre bilete likevel, enjoy!

På tur i paradis. Og det beste med det, nesten ingen andre folk!

Hissigt hav på veg inn i størkna lava.

Ekte turist?

Ei som kosar seg stort!

Inn i skogen

Ved surfeplassen.  Minnesmerke over to surfarar.

Lang og fin bøglje. Jaggu fekk han den!

Lavaland!

Lurer på kva til dyr som blir jakta på her....det einaste vi såg var geit.

Ein SUPar på tur ut til bølgja.

4 kommentarer:

  1. Utrolig fint! Jeg sitter på jobb, men heldigvis så øse pøser det ned her så jeg går ikke glipp av noe klatring... ;-) Kjenner jeg savner dere, og ikke minst Idunn, hun er jo helt utrolig sjarmerende! Hils så mye til BT!

    SvarSlett
  2. Forstår at det regner litt der heime i gamle Noreg! Heldigvis fins det innandørs klatreveggar når abstinensen blir for stor. Regner med at du alt har benytta deg av det;) Kan informere om at Idunn har byrja å klyva på som kan klyvast på, og det FØR ho kan gå. Ho seier at ho må gjera seg klar til å vera med onkel Øyvind på klatretur... Gler oss STORT til å treffe deg i, det blir vel kanskje ikkje før i august? God klem frå oss 3 på Maui!

    SvarSlett
  3. nais;) Ha døkk prøvd bølgesurf æll SUP mens døkk likevel æ i bølgemekka?

    SvarSlett
  4. Nope, her æ d kun bølgjå på vindsurfing:)

    SvarSlett