....var ei super oppleving!
Eg er glad for at eg var frivillig under tvang. Trur Vidar kosa òg seg på denne samlinga av gammaldansentusiastar frå heile Noreg. Mamma såg ut til å vera ein av dei mest entusiastiske. I tillegg så imponerte ho og Trygve med bronse i masurkadansing, heia mamma!
To skår i gleda over å vera på festival var ein liten forkjølelse som hoppa på meg og, ikkje minst, spikaren som eg dundra inn i foten rett før vi skulle reise frå Kolsås torsdag. Det vart eit blodbad utan like og Vidar sprang rundt for å finne papir for å tørke blodet som sildra ut. Det var ikkje nok med èin serviett for å si det slik. Heldigvis for meg så var det på oversida av foten så den kunne trakkast på ganske umiddelbart etter skada hadde skjedd. Vidar vil kjøpe vernesko til meg nå. To par. Eit til vanleg bruk og eit til bruk i dusjen.
onsdag 23. juli 2008
lørdag 19. juli 2008
Brit på brettet!
Fekk to fine dagar på Larkollen denne veka her. Jammen vart det bileter av meg og for ein gongs skuld. Må innrømme at etter desse to dagane var det heilt greit med ei lita pause.Turen har nå gått til Skjåk og Landsfestivalen i Gamaldans som blir arrangert denne helga. Det er mi kjære mor som er festivalsjef så da er det berre å stille opp som frivillig.....under tvang.
mandag 14. juli 2008
Vindfull sundag på Larkollen!
onsdag 9. juli 2008
Vi pussa av oss bygningsstøvet.....
.....og reiste ut for å klatre ei runde på Megaløkenhavna. Vidar imponerte med å cruise opp 7+. Øyvind imponerte og med å lede den same 7+ til topps for fyrste gong. Jubelen når han kom til topps var upåklageleg, eit velkjent Øyvind Habberstad hysterisk latteranfall. Fantastisk bra å høyre på for oss andre. Vi VEIT at han koser seg når det kjem slike utbrot:) Eli imponerte og. Ho trossa høgderespekten sin og heelhooka seg opp ei 6-. Eg vèl å ikkje kalle det høgdeskrekk. Når bevegelsane er så gode som dei Eli viste i dag så er det ikkje prat om nokon skrekk, men heller respekt. Skrekk betyr å klamre seg fast! Nei her var det berre prat om respekt, og DET kan ein leve med som klatrar!
Full opning!
tirsdag 8. juli 2008
Oppussingsoppdatering.
Da var det nok på tide å koma med ei lita oppdatering på korleis det går med oppussinga på Kjonejordet.
2 av 3 soverom har vorte kvite, men er i skrivande stund er dei så fulle med saker og ting fra spisestua og stua at det går ikkje an å ta bileter der inne. Det kjem seinare.
Gangen har vorte sparkla og i morgon set Vidar i gang med fyrste runde pussing der inne.
I spisestua er dei lilla pyntelistene borte og halve veggen inn mot kjøkkenet har forsvunne i løpet av dagen i dag. Det er spennande når slike store ting som å fjerne ein vegg skjer. Ein kan finne ut nye ting om staden ein bur. Feks at strømledningar kjem ned i stålhylster gjennom taket OG at det er tregolv under belegget på kjøkkenet. Spennande, spennande!
I morgon er er det ein ny dag og da skal resten av veggen fjernast.....

Abonner på:
Innlegg (Atom)