onsdag 9. juli 2008

Vi pussa av oss bygningsstøvet.....

.....og reiste ut for å klatre ei runde på Megaløkenhavna. Vidar imponerte med å cruise opp 7+. Øyvind imponerte og med å lede den same 7+ til topps for fyrste gong. Jubelen når han kom til topps var upåklageleg, eit velkjent Øyvind Habberstad hysterisk latteranfall. Fantastisk bra å høyre på for oss andre. Vi VEIT at han koser seg når det kjem slike utbrot:) Eli imponerte og. Ho trossa høgderespekten sin og heelhooka seg opp ei 6-. Eg vèl å ikkje kalle det høgdeskrekk. Når bevegelsane er så gode som dei Eli viste i dag så er det ikkje prat om nokon skrekk, men heller respekt. Skrekk betyr å klamre seg fast! Nei her var det berre prat om respekt, og DET kan ein leve med som klatrar!


Eli ser bekymra ut......

....., men Øyvind greidde seg strålande!

2 kommentarer:

  1. er det verkeleg så bratt der Øyvind klatrar??

    SvarSlett
  2. Der er det så bratt!!
    Det er ei TUNG rute for å si det mildt. Eg gidd ikkje å prøve ein gong. Jauda har prøvd, men kom 20 cm over bakken:)

    SvarSlett