tirsdag 14. april 2009

Frå topp til topp...


Så snart eg har fått satt meg ned og gått gjennom bilda frå årets påskehendingar så skal eg slenge dei ut på bloggen her. Det er sjølvsagt ein heil del å gå gjennom, men det skal skje på eit tidspunkt om ikkje så alt for lenge, håpar eg. For ikkje skiinteresserte kan det kanskje bli litt kjedeleg i lengda for det dreier seg om mykje skigåing. Vidar fann ut, på bilturen heim til Kolsås, at vi hadde gått omlag 7000 høgdemeter i løpet av påska. Av toppar vi har besøkt i påska kan eg nevne Moldurhøi, Skagsnebb (x2), Skopphornet, Kvitegga og Blåbretind. Biletet viser utsikta når ein kjem inn på Hurrbreen, Veslfjelltinden.

fredag 20. mars 2009

Betre seint enn....


...aldri. Nå er det helg, igjen. Derfor legg eg ut bilete frå førre helg nå. Da fekk vi årets fyrste skikkelege vårskitur. Vi gjekk utan votter, lue, jakke, buksa var open i låra og svetten rann, deilig! Jakob og Martin kom på besøk og vart med opp i den breirenna på Skogshorn. Det viste seg at det var eit godt turvalg. Hahahahahaha, det var så bra!!

Reidarskaret

Solslikking

Vidar!

Martin!

Eeeeehhh! Porno!

Vidar, kva er det du driv med, problem??

Litt vind mot toppen av renna.

Jee!

Hahahahahahahaha!!

mandag 2. mars 2009

Is, is, is

Når folkemengdene i bakken er for store og kulda setter inn, da tusler Brit og Vidar, og eventuelt andre interesserte, bort til ein eller annan foss for å teste dei nye isøksene som Vidar har investert i. Budsjettet for friluftsartiklar er nemleg botnlaust hjå Laksy/Haugen. Ein kan kritisere eit slik grenselaust forbruk så mykje ein vil, men for oss er det heilt naturleg å gjera det på denne måten. Vi lev berre ein gong og kvifor skal vi da gå glipp av alt som er gøy berre på grunn av at ein ikkje investerer i nødvendig utstyr? Nei, det er berre å late att augene, dra kortet, slå koden og leve i nuet! Hurra!

Ingrid har sagt at når ho byrjer på skulen så skal ho byrje å klatre is.

lørdag 14. februar 2009

Oi, oi, oi så flott!!

Mamma har gjort noko lurt! Ho har teke seg ein tur inn til Oslo for å sjekke forholda i Nordmarka. Dei er nemleg formidable. Det er så ein går med tårer i augene, så vakkert er det. Vi sto opp slik at vi kom oss inn i dei nypreppa løypene tidleg. Det og var lurt! Til alle dei som IKKJE har vore ute å sjekka forholda i skiløypene: betre forhold enn dette får du ikkje!!!

500 meter att til Sørsetra

Tilfreds dame i vinterlandskap!

Varga, mamma og trikkeskinner!


Det er kaldt om natta noko ein kan sjå på snøen...

mandag 9. februar 2009

Skitur i fullmåne!

Har akkurat kome inn frå ein fantastisk skitur! Ved 19.00-tida reiste eg, Vidar og BT opp til Sollihøgda og susa innover mot Sørsetra. Suse var kanskje å ta i. Vi hadde på så mykje klede at det var praktisk tala umogleg å suse noko som helst i den habitten. Nå ja, innover bar det. Heilt til vi kom til ei lita glenne i skogen. Der skulle det fotograferast. MEN slik er vanskeleg når BT innser at batteriet på kameraet er tomt, og eg ikkje har evner nok til å få fram magien i ljoset frå månen. Legg ut nokre bilete likevel. Det er uansett ikkje siste gongen eg er på slik måneskinnstur!

Skihelg med lite fotografering


Når det er lite bilete etter ei skihelg, betyr det at føret har vore bra. Det var utruleg bra i helga. Eg fekk ikkje teke eit einaste bilete laurdag enda vi hadde Åsa og Erik på besøk. Det er ille! Sundagen var eg og Vidar på tur, men det einaste eg fekk teke var eit lite bilete av Vidar inne i skogen på tur ned frå Skurvefjell. Det var iskaldt! Sikkert ned mot 15-20 minusgrader og vind i tillegg, brrrr!Besøk av to blide jenter, Hilde og Ingrid!

søndag 1. februar 2009

Super skihelg i Hemsedal!

Iskaldt og strålade vær i Hemsedal i helga. Her er nokre bilete frå laurdag. Da var eg, Vidar, Tom, Bengt og BT ein liten tur på Nibbi.

Bjerkan tøyer ut etter ei SOLID økt på beina opp på Nibbi.
Slik er det med snowboardkjørarar, dei får ingenting gratis!

Tom gjev gass.....

..., men vart nok litt betenkt!

Han gjekk nemleg skikkeleg på snørra!
(til hans forsvar så var føret relativt vanskeleg)

Godt med kjeks?

Bengt!

Bengt i svingen, innbitt i maska og tunga ute, full konsentrasjon!

Supergodt med kjeks!

Vidar = Skifotogen