mandag 18. mai 2009

Mykje vind på Larkollen.

Kaja, veldig klar og veldig blid!

Vidar på veg inn....

Brit på veg ut....

Bratt....

God trio!!

Ingrid, Petter og Hannah!

onsdag 13. mai 2009

Berre Brit


Det er sjeldan eg blir tilfreds når eg har vore hjå frisøren. Det er sjeldan eg blir tilfreds av bilete som blir teke av meg. I dag har eg opplevd å bli tilfreds med begge delar. Ikkje dårleg!!

torsdag 7. mai 2009

Eg har det fyrste kameraet i testen....



Heilt til eg såg dette denne filmsnutten så visste eg ikkje at eg ynskjer meg nytt kamera, men det gjer eg visst!

Windguru!

Så er windsurfingssesongen verkeleg i gang. I mai i fjor var det mykje vind og så langt i mai i år ser det bra ut! Veldig bra faktisk. Windguru er ein super fylgjesvenn i så måte. Den fortel meg og Vidar kva tid vi skal slenge oss i bilen og kome oss til Larkollen. På spot search kan du søkje deg fram til dei fleste stadar som folk har ei eller anna vindkopling til.
Stjerne betyr bra med vind. Blå stjerne er enda betre. Det betyr at det er kald luft. Kald luft innheld ein større tettleik av molekyl og dermed blir det betre effekt i seilet, strålande. Har lagt ved bilete av helgas vindmeldinga for Larkollen. Einaste skår i gleda er nedbøren som er meldt. Den gjev gusty vind og det er ikkje bra! Eg må nok sjå litt på Yr og.....

søndag 3. mai 2009

Ei roleg helg...GUDD!

Denne helga har vore roleg. Og vi har halde oss på Kolsås! Planane for helga var både store og mange, og skulle utføras fleire mil frå heimstaden, men nå når det er søndag kan vi sjå attende på klatring på Kolsåstoppen og windsurfing på Larkollen. Vi er både solbrente og støle så vi klagar ikkje. Ein bonus når ein er heime er at ein får rydda litt, og vaska klede, fantastisk!
Elles så berre MÅ eg legge ved denne snutten. Det er nesten ikkje til å tru kva denne guten får til på sykkel. Sjekk ut og nyt!