fredag 20. mars 2015

Deja vu!


I dag kom vinden og dermed gjekk turen til Kanaha beach. Det var merkeleg å koma dit. Sist vi var her på Maui så var vi 75 dagar nede på denne stranda for å vindsurfe. Og kva er det vi ser når vi går ut av bilen. Dei same menneska som for 4 år sidan. Ein liten haug med kjenningar. Og ikkje minst Patty som var så glad i Idunn. Det heile var svært så stas. 
Vindretningen i dag var nordleg. Det er ikkje optimalt og forholda blir ofte vanskelege. Vidar greidde likevel ikkje å halde seg. Nå ligg han rett ut på sofaen og himler med augene, men han har eit salig smil om munnen....
Idunn hadde og ein stor dag i dag. Ho hyla av pur glede og adrenalin i 40 min medan ho sprang inn og ut med bølgjene. Åsa kosa seg på pleddet og prøvde rømme ut på graset så fort ho fekk sjansa. Eg for min del gløymde å smørje meg med solkrem og er varm både her og der. Dagens solnedgangstur for Idunn og Vidar baud på skilpaddeobservasjon. Mange store opplevingar og inntrykk på ein dag for ei lita ei på snart 5 år. Ho slokna fort i kveld....

Pause på plenen, i lé for vinden.

Einsleg på stranda, knall!!


torsdag 19. mars 2015

Attende på Maui


Så var vi her igjen. 27 timar etter at vi låste døra på Kolsås landa vi på Kahului AirPort og tusla oss ut i den varme solnedgangen. Det vart ei lang flyreise for jentene og på den siste flyginga frå San Fransisco og over til Maui sov dei frå vi letta til vi landa. Idunn var rett og slett flink på turen over for det vart både stressing og køståing. Fyrst på Gardermoen og så i Frankfurt kor vi måtte springe for å nå flyet vårt. 

Idunn i Kuau Cove

Forkjølelsen vi byrja å få før vi reiste har eskalert og det er både hosting og snørring. Ja, Åsa har til og med hatt feber, men nå ser det ut som om alt er på betringens veg for alle mann. Vi har uansett fått vore å bada ute i havet fleire gonger alt. Kan nevne at dagens høgdepunkt for Idunn, og ikkje minst Vidar, var observasjon av kval nede ved stranda "vår". Kolossen kom opp av vatnet fleire gonger og viste seg skikkeleg fram. Krysser fingre for at det skjer igjen slik eg og Åsa får sjå og. Ellers kan vi melde om at det er litt lite vind. Torsdag er det heldigvis meldt at vinden skal auke på. Kryssar fingre for det!!


Jentene på golvet på flyet Frankfurt - San Fransisco

torsdag 16. oktober 2014

søndag 17. august 2014

fredag 6. juni 2014

Heile gjengen!

Foto: Guri Pfeifer