Det er kaldt i innlandet nå. I dag kan eg lesa på graderstokken at det er -27 grader her i Skjåk. Tungvint kan det bli når ein skal i veg med bil å gjera eit og anna ærend nå før jul. Likevel må eg si at eg er nokså fascinert av denne kulda og det spesielle ljoset som blir når kulda set inn. Korleis snøen knirker når temperaturen søkk på denne måten. Da eg køyrde over Valdresflya i skumringa måtte eg berre stoppe å ta nokre bilete av ljoset og av alle kuldegradane.
onsdag 23. desember 2009
onsdag 2. desember 2009
Ljos og englar
søndag 27. september 2009
Fly.....
Da Jo, min kjære bror, fylte 30 år for eit år sidan fekk han tandemhopp i gave. I helga vart det vær og tid til å få gjennomført dette hoppet. Og det gjekk bra, veldig bra. Dette blir nok dyrt for han.....
Ein siste sjekk, utstyret er ok.
Jo følte seg trygg da han såg denne tassen her.
Blek, men fattet....?
Vusj.........!
I skjerm.
Inn for landing.
Trygt attende på landjorda.
Og eg kan skrive under på at når ein har hoppa....
....så får du ein følelse som gjer at du gliser,
...og gliser...
...og gliser...
...og gliser............ takk for hoppet!
Ein siste sjekk, utstyret er ok.
Jo følte seg trygg da han såg denne tassen her.
Blek, men fattet....?
Vusj.........!
I skjerm.
Inn for landing.
Trygt attende på landjorda.
Og eg kan skrive under på at når ein har hoppa....
....så får du ein følelse som gjer at du gliser,
...og gliser...
...og gliser...
...og gliser............ takk for hoppet!Hylle og kjøkken!
Haust betyr pussing og nå har mykje av kjøkkenet og bokhylla kome på plass. Bokhylla er spesialtilsaga av hyllekomponentar frå ikea. Nå står det berre att å få inn alle bøkene...
søndag 16. august 2009
Det skjer ting i heimen....
....sjølv om vi helst vil drive med fritidsaktivitetar. Vi prøver å kombinere det så godt vi kan. Derfor sto vi opp kl 08.00 i dag tidleg og mala over strøk nummer 2 i stua. Som dykk kan sjå på eine biletet så blir den kvit. Veldig kvit. Det bør forandre seg når vi får inn møblar og slik. Vi kan ikkje bu i noko som minnar mest om ei sjukestuggu!Ellers så byrjar det å ta litt form inne på kjøkkenet og. Benken i etehjørnet er kome på plass. MEN den er ikkje fastskruva enda sidan vi har stygge planar om å lage sjukestuggu av den delen her og. Denne benken er og ein liten miljøstasjon med lagring av papir, plast, glass osv. Den er faktisk litt genial! Benkeplata er olja og på plass komen saman med ei hylle i enden.
torsdag 13. august 2009
Orpierre, Alpes-des-Haute-Provence
I bilen på tur til Larkollen for å vindsurfe, rett før vi reiste til Hvide Sande, ringer Øyvind til oss og seier: Bli med til Orpierre da. Eg sit og bestiller billettar til Nice nå, kom igjen. Ok sa vi og slik vart det.....I den sørlege delen av Alpane ligg Orpierre. Klimaet er relativt godt må eg si. Dei skryt av å ha berre 80 dagar med nedbør i løpet av året. Det pregar og på mange måtar landskapet der. Tørt og avsvidd så sant dei ikkje tyr til kunstig vatning. Og det gjer dei, for her er det storstilt fruktproduksjon. Det er eit av hovudområda for lavendeldyrking, men dessverre var alle åkrane i nærleiken alt hausta til min store frustrasjon og sorg. MEN det var ikkje dette som var hovudårsaka til at vi reiste hit. Heller ikkje det dårlege været i heimlandet. Her finn ein nemleg 4 km med klatreveggar og alt er bolta. I tillegg har dei fokusert på lettare ruter slik at det skal gå an å lære seg kunsten å lede. Ja, det er ikkje det at det ikkje er vanskeleg ruter her. Om ein vil så er det mellom anna ei 8c rute å bryne seg på. Fjellet er fast og fint og boltane sit tett, det er rett og slett perfekt. Nærare 600 klatreruter finn ein i dette området så ein har litt å velge mellom for å si det slik.
Vi budde i telt på ein av campingplassane i landsbyen. Kvar morgon sto vi opp og tusla bort til den lokale kjøpmannen og handla ferske baguettar, pølsesnabbar, skinke, franske ostar, rosèvin og ikkje minst pain au chocolate. Det var eigentleg berre ein ting som var skuffande på mat og drikkefronten, og det var kaffien. Den lagar vi MYKJE betre sjølv.
Mengder av solsikker!
Greit å ha på seg skjorte som står i stil med huset.
På vandring i nabobyen Laragne Montèglin.
Kom igjen, du når den!!!
Øyvind på Régime sans sel 6c
Høytørking?
Vakkert tre, avsvidd gras og blå himmel!
I Orpierre, svært sjarmerande liten landsby.
Flotte gater, nesten som eit lite levande museum.
Skikkeleg fransk!
Solnedgang over byen som har 3 typer menneskekategoriar. Millionærane, milliardærane og turistane. Vi er i den siste kategorien om nokon skulle vera i tvil.
Abonner på:
Innlegg (Atom)





















