tirsdag 30. desember 2008
Vind og temperaturendring i Hemsedal
Brrr, -20 grader viste graderstokken i dag tidleg når vi sto opp. Eg , Vidar og Tom trossa kulden og lempa turutstyret ut i bilen. Vi tenkte at vi skulle ta oss ein tur opp mot Svarthetta. Kroppen vart tulla inn i MENGDER med klede og så la vi i veg. I det vi gjekk ut av bilen på parkeringa fekk vi oss ei lita overrasking. Det var rett og slett ikkje kaldt! Temperaturen her var berre -2 grader. I staden hadde det byrja å blåse. Kameraet og linsa var sjølvsagt med i sekken, her er resultatet....
lørdag 27. desember 2008
God linse, men dårleg fotograf!
1. juledag på Rust.

Heilt frå eg var lita har vi feira 1. juledag hjå bestemor Rust. Ved 12-tida er det oppmøte og frå der går det slag i slag. Mat, skravling, mat, meire mat, skravling, dessert, kaker, marsipan, meir skravling og til slutt ein liten ekstra julekveld med full gaverunde. Det er utruleg kos å sjå tante og onkel, bestemor og sysjenbarna våre. Ikkje minst er det kos med dei to små døtrene til eine sysjenbarnet mitt. Dei er 3 og 4 år så kan eg love deg at det er full fart! Dette var sjølvsagt og ei gylden anledning til å prøve telelinsa mi så her kjem det nokre bilete.
fredag 26. desember 2008
Juletrening for små og store.

Rett før jul inviterte eg og Vidar til ei lita stresspause frå alt julekaoset. Det vart servert både gløgg, pepperkaker og marsipan. Vi følte at det var viktig med litt trening til jul. Viktigaste treninga fekk nok smårollingane. Mykje sukker og seint i seng, fint å ha med seg inn i julehøgtida. Slik at dei veit kva dei går til, både ungar og foreldre....
onsdag 24. desember 2008

Nå er det ikkje lenge til jula ringer inn. Jula blir rar i år. Ikkje slik eg hadde tenkt meg. Likevel så blir det jul, uansett kor klar/lite klar ein er så blir det jul. Eg er i Skjåk nå. Ute er det kvitt og minusgrader. Det er faktisk nokså bra julestemning. Inne hjå mamma er det i alle fall julestemning. Her det det som vanleg eit komplett julekaos. I alle år er det pappa som har stått for julematen. Slik blir det ikkje i år. Derfor har vi gått heilt bort frå den klassiske menyen med ribbe og riskrem. I år er det ytrefilet av rein med sellerirot- og potetstappe, sopp og smørstekt gulrot. Til dessert er det panna cotta.
God jul alle saman, nå skal eg setje på potetene og sellerirota!
onsdag 17. desember 2008
Finaste julesangen
"Mitt hjerte alltid vanker" er nok den finaste julesangen eg veit. Det er noko med melodien som fengjer. Det fins mange forskjellige innspelingar av denne sangen, både med og utan vokal. Aller helst kunne eg tenkt meg å legge ut Bugge Wesseltoft sin versjon, men den var ikkje å oppdrive nokon annan plass enn på Itunes. Derfor vart det altså Sissel Kyrkjebø som fekk den ære av å syngje denne sangen på bloggen min.
tirsdag 9. desember 2008
Back to the past...eller var det future?
Hmmmm, dette minner i alle fall stygt om Led Zeppelin.
Dette er rett og slett The Parlor Mob og denne plata kom ut i 2008.
Det høyres ikkje slik ut på grooven, og ser ikkje slik ut på hårsveisane, men det kling bra i øyra mitt!
Ordlister og dialekt!

fredag 28. november 2008
Skiinfo har fine bilete!

Dette er nemleg bilete av min kjære Vidar! Eit supert bilete som er teke av Nils Erik Bjørholt. Nils er god på bilete, sjekk ut sida hans MAXlys. Skiinfo ja, eg lurer på kor mange gonger eg sjekker det sida i løpet av ein vinter. Eg kan love deg at det er, OFTE. Fleire gonger for dagen. Det er som oftast bestemt av kva som skjer inn på Yr. Kva til vindretning er i vente? Vindretning er viktig både for puddersøk og spot-utvelging i windsurfing. I desse dagar er det sjølvsagt minusgrader og nedbør som er viktigast. Det ser dårleg ut for Hemsedal når det kjem til snøfall i helga, men turen går nå i alle fall dit opp om nokre timar.
Yr er nok den nettsida eg besøkjer oftast, både sommar, vinter, haust og vår. Den dagen eg fann ut at eg kunne laste ned historiske klimadata, ja, det var som julekvelden for meg! Klimageek! Korleis var livet mitt eigentleg før yr? Eg kan ikkje tenke på det ein gong;)
mandag 24. november 2008
Den evige by.....




Attende til Roma. Hotel Pincino ligg midt mellom Spansketrappene og den fantastiske Fontana di Trevi.










Konklusjonen er som fylgjande: Såre bein og ALT for lite tid til å nyte denne utruleg vakre byen!
tirsdag 18. november 2008
søndag 16. november 2008
Heimen.
Med arbeid kvar einaste dag så er ikkje motivasjonen på topp når det gjeld oppussinga. Det skjer nå småting heile tida, så her kjem ei lite bileteoppdatering. Om ikkje anna så har vi fått ordna oss ein liten god krok inne i stua. Og så måtte eg nesten legge med bilde av ei lampe til. Nok ein norsk produksjon, Luxo. Ein gamal og god klassiker som i utgangspunktet dei fleste kjenner som skrivebordslampe.





120-årsfeiring!
Vidar sine foreldre, Berit og Sigmund, fyller 60 år i år og neste år. Dette er meir enn GOD grunn til litt feiring. Heile gjengen møttes derfor ei heil helg på Pers Hotell på Gol og storkosa seg saman. For dei 4 jentene, Mia, Karoline, Amalie og Lea, var d ekstra artigt. Sjekk linken og forstå kvifor, LINK.
Abonner på:
Innlegg (Atom)